Studiespesialisering

Du som vel studiespesialisering, bør i utgangspunktet like å arbeide med teoretiske fag. Utdanningsprogrammet gir det breiaste grunnlaget for vidare studium ved høgskolar og universitet. Alt etter kva programområde og programfag du vel, kan du oppnå generell eller spesiell studiekompetanse. Har du spesielle framtidsdraumar, bør du sjekke nøye kva fagkombinasjonar som krevst før du vel programområde og –fag.

Første året kan du velje å starte med berre fellesfag. Andre året kan du velje fordjuping innan eitt av programområda realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi.

Generell studiekompetanse gir moglegheit for opptak til dei fleste studium ved høgskular og universitet. For opptak til visse studium krevst spesiell studiekompetanse, med fordjuping i matematikk og/eller andre realfag kan du oppnå dette.

Personlege eigenskapar

Du bør like å jobbe med krevjande teoretiske fag, lese og ha interesse for anten matematikk og realfag, samfunnsfag og økonomi eller språk og andre kulturar.

Inntakskrav

Norsk grunnskole eller tilsvarande (vitnemål).