Musikk
Du som vel musikk bør i utganspunktet ha evner og anlegg for utdanningsprogrammet. Du bør vere uthaldande og ha vilje til øving. Det er dessutan ein fordel at du meistrar eit instrument før du tek til. I tillegg bør du like å arbeide med teoretiske fag.
Utdanningsprogrammet gir generell studiekompetanse og høve til vidare studium ved høgskular og universitet. Ønskjer du å halde fram med høgare utdanning innanfor kunstfaget musikk, har mange av dei aktuelle høgskulane praktiske opptaksprøver.
Personlege eigenskapar
Programområdet for musikk set krav til dugleik i musikk. Opplæringa set òg store krav til kunstnariske evner, uthaldnad og øving. I tillegg bør du kunne meistre krevjande teoretiske fag.Inntakskrav
Norsk grunnskule eller tilsvarande (vitnemål).