Medium og kommunikasjon
Du som vel medium og kommunikasjon bør ha kreative evner og må kunne kommunisere med andre, både skriftleg og munnleg. I tillegg bør du vere interessert i IKT og digital teknologi. Gode samarbeidsevner, fleksibilitet, evne til kritisk tenking og analyse er òg viktig.
Avhengig av kva programområde du vel, gir utdanningsprogrammet yrkeskompetanse eller generell studiekompetanse. Ved å oppnå sistnemnde må ein gå tre år medium og kommunikasjon. Slik vil ein få moglegheit til vidare studium ved dei fleste høgskular og universitet. Du vil kunne få arbeid innan eit mangfald yrke,
i ein bransje der metodar, teknikkar, verkemiddel og verktøy
varierar og er i rask utvikling.