IKT servicefag

IKT

Du som vel IKT servicefag bør vere interessert i å jobbe med digital teknologi og informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT).

For å kome inn på IKT servicefag kan du ta eit valfritt grunnkurs.
Utdanning fram mot fagbrev i IKT-servicefag er ei yrkesretta utdanning innan brukarstøtte på datasystem, PC-vedlikehald og drift av datanettverk. Samfunnet har blitt heilt avhengig av ulike informasjons- og kommunikasjonssystem og treng difor kvalifisert driftspersonale. Ein IKT-servicemedarbeidar  kan bli ein nøkkelperson i verksemda.

Personlege eigenskapar

Du må kunne arbeide systematisk og nøyaktig, både sjølvstendig og i 
samarbeid med andre. Gode kommunikasjonsevner og god skriftlig og munnleg framstilling på norsk og engelsk er viktig, og du må kunne behandle fortrulege opplysningar på ein etisk forsvarleg måte. Du bør ha evne til å tenke nytt, vere kreativ og interessert i ny teknologi.

Inntakskrav

Vitnemål frå alle grunnkurs