Idrettsfagidrett1

Du som vel idrettsfag, bør vere glad i trening og fysisk aktivitet, men du må òg like å arbeide  med teoretiske fag. Du kan velje fordjuping innan programfaga toppidrett, breiddeidrett, friluftsliv og leiarutvikling.

Du kan òg velje programfag frå andre studieførebuande utdanningsprogram.
Utdanningsprogrammet gir generell studiekompetanse og moglegheit for vidare studium ved høgskular og universitet.

 

Personlege eigenskapar

Du bør vere glad i og ha anlegg for idrett – her er det trening kvar einaste dag i skuletida. I tillegg bør du kunne meistre krevjande teoretiske fag.

Inntakskrav

Norsk grunnskule eller tilsvarande (vitnemål).