Dramadrama2


Du som vel drama, bør i utgangspunktet ha evner og anlegg for utdanningsprogrammet. Du bør vere uthaldande, kreativ og ha vilje til øving. Det er ein fordel om du tidlegare har delteke i dramaoppsetjingar og/eller teater. I tillegg til programfaga må du like å arbeide med teoretiske fag.

Utdanningsprogrammet gir generell studiekompetanse og høve til vidare studium ved høgskular og universitet. Ønskjer du å halde fram med høgare utdanning innanfor kunstfaget drama, har mange av dei aktuelle høgskulane praktiske opptaksprøver.

Personlege eigenskapar

Programområdet for drama stiller krav til dugleik innanfor drama. Opplæringa stiller òg store krav til kunstnariske evner, uthald og øving. I tillegg bør du kunne meistre krevjande teoretiske fag.

Inntakskrav

Norsk grunnskule eller tilsvarande (vitnemål).