dans

Dans

Du som vel dans, bør i utgangspunktet ha evner og anlegg for utdanningsprogrammet. Du bør vere uthaldande, kreativ og ha vilje til øving. Det er ein fordel om du tidlegare har delteke i ei dansegruppe eller drive med dans generelt. I tillegg til programfaga må du like å arbeide med teoretiske fag.

Utdanningsprogrammet gir generell studiekompetanse og høve til vidare studium ved høgskular og universitet. Ønskjer du å halde fram med høgare utdanning innanfor kunstfaget dans, har mange av dei aktuelle høgskulane praktiske opptaksprøver.

Personlege eigenskapar

Programområdet stiller krav til dugleik innan dans. Opplæringa stiller store krav til kunstnarlege evner, du må vere uthaldande og ha vilje til øving. I tillegg må du kunne meistre krevjande teoretiske fag.

Inntakskrav

Norsk grunnskule eller tilsvarande (vitnemål).