|

Fleire bilde frå Sandane og Gloppen
finn du ved å klikke
her!
Få meir informasjon om Gloppen på www.gloppen.net.
|
|
Firda vidaregåande skule ligg i kommunesenteret Sandane
i Gloppen kommune, eit senter med gode kommunikasjonar, breitt
kulturtilbod og godt oppvekstmiljø. Den vestlandske stamvegen (E39) går
gjennom bygda, som også har flyplass med fleire daglege samband til
Bergen og Oslo. Skulen har omlag 60 lærarar og 380 elevplassar fordelt på
studieretningane ST, ID, MD, MK, HS og IKT-servicefag.
Sandane er ei vakker bygd omkransa
av høge fjell med gode vilkår for trim og friluftsliv. Like ved skulen
ligg Nordfjord folkemuseum og eit godt utbygd idrettsanlegg med stadion,
treningsbane og idrettshall. Sandane er også kjend som eit senter for sang,
musikk og variert kulturliv. Her er gode og rimelege butilbod .
|