Skulen ligg like ved Sandane sentrum innerst i Gloppefjorden, ein arm av Nordfjord. Ei vakker bygd omkransa av høge fjell med gode vilkår for friluftsliv. Like ved skulen ligg Nordfjord folkemuseum og eit godt utbygd idrettsanlegg med stadion, treningsbane og idrettshall.

Gloppen folkebibliotek ligg på skulen, noko som er til stor fordel for elevane. Her er gode tilbod på aviser, magasin, bøker og oppslagsverk og med dyktige bibliotekarar som kan hjelpe deg med å finne det du treng. Biblioteket har også lesesalar og dataarbeidsplassar der du kan sitje med skulearbeid heilt til kl. 19.00 om kvelden.

Skulen har fleire godt utrusta datarom med PC'ar og to moderne Mac-labar for medium og kommunikasjon og MIDI.. Skulen og dataromma er opne på ettermiddags og kveldstid i samband med Open Skule. Elevane kan fritt nytte datarom, kantine og øvingsrom for musikk, dans og drama i denne tida.  Mac-labane er reservert for medium og kommunikasjon og musikklinja.

Nedanfor ser du eit bilete av skulen:
 

Foto: Lyslo Foto,  Sandane
 

 

Retur til hovudsida