Russerevyen 2005
"Vi Som Går Igjen" er namnet på revyen som russen set opp i aulaen torsdag og fredag. Årets revy er prega av at russen har 100-års jubileum i år. Etter mykje skriving og hektisk jobbing er skodespelarane no klare, russeorkesteret er og klart og alt er duka for Russerevyen 2005 "Vi Som Går Igjen".
Revyen har premiere torsdag 27.01 klokka 19.00 og har ekstraframsyning på fredag 28.01 klokka 19.00.
Billett får ein ved inngangen
til Aulaen. Billettprisen er
100 kr og russen gjev 10 kr av kvar kjøpt billett til Røde Kors.
Russehefte er og å få kjøpt ved inngangen.
Dette er ei førestilling som vil få dei aller fleste til å trekkje på smilebandet, med mange gode og varierte innslag.
Vel møtt til ein hyggeleg revykveld!
![]() |
![]() |