Russerevyen 2007

Tradisjonen tru arrangerte Firdarussen sin årvisse revy 25.-26. januar. Sidan Jakob Sande var fødd i 1906, gjekk ut på Firda i 1926 og vi nettopp var ferdig med ei rekkje jubileumsmarkeringar, var det ikkje uventa at Jakob Sande vart ein gjennomgangsfigur i denne revyen, som hadde fått tittelen "Firda liv og dikting", ikkje så ulikt tittelen på Jakob Sande biografien til Ove Eide.

Det var ein svært bra revyen russen hadde fått til i år, der dei m.a. harselerte over framdrifta i utbygginga av Trivselshagen, redaksjonen i ei lokal avis, lærarar, og fest og alkoholbruk mellom elevane, men også meir seriøse sketsjar og musikkinnslag. Best likte vi "Firdahistoria på fem minutt", den var korrekt, kvikk og underhaldande.

Revysjef var Bodil Støylen,  kapellmeister Anne-Britt Kjørvik og dramalærar Tone Linn Reed Smørdal var instruktør.

Nedanfor ser du revyplakaten som var laga av  Kristine Mardal (teikning) og Charlotte Østebø Nilsen.

Du finn mange bilde frå russerevyen her:  http://www.eurofoto.no/show_album.php?aid=1374156
Desse kan du anten laste ned sjølv frå nettet eller bestille dei i papirutgåve hos Eurofoto. Det er Geir Skagen som er fotograf og hugs å respektere reglane for bruk av bilda.