Russefrukost på Firda tysdag 16. mai 2006

Siste skuledag før 17.mai er det tradisjon at russen på Firda inviterer lærarar og andre tilsette til russefrukost på skulen. Såleis også i år. Det var fint pynta og russen hadde laga til ein flott frukost. Russepresident Martin Westvik ønskte velkomen til bords - og så var det berre å forsyne seg. Vi takkar russen for ein fin frukost!

Nedanfor nokre bilde frå frukosten i Aulaen. Foto: Geir Skagen