Dato: torsdag 11. april 2002
Stad: rektors kontor Firda VGS
Frå GU: Rektor Olav Søreide og vaktmeister Paul-Rune Daviknes
Repr. for russen: Viviann Alme og Geir Ove Taule
Frå Firda: Rektor Ragnar Eimhjellen og adm. leiar Gunnar Nygjerd
Repr.
for russen: Raymond
Sandøy (president), Øyvind Sægrov (terrorssjef)
og Tone Anita Nilsen (festsjef)
Det vart semje om følgjande retningslinjer:
All ”krigføring” skal skje utandørs og
bygningar skal heller ikkje tilgrisast utvendig. Vatn skal vere einaste
”våpen”. Det skal ikkje brukast vatn innadørs, då dette er med å øydelegg
golva. Unngå farlege situasjonar ved elva – det er ikkje langt frå leik og moro
til alvorlege skadar. Etter at ”krigen” er over hjelper russen frå begge
skulane til med å rydde området! Tidspunkt: tysdag 7. mai kl. 11.00
Det skal ikkje
brukast bosskorger til vasstøming og bosskorger må ikkje fjernast frå
klasseromma. Bosskorgene er dyre og bosskorger som vert fjerna må erstattast.
Gjeld berre vegane
inn til skulen. ”Vanlege” folk må få passere uhindra. Sperringane skal vere
avslutta kl. 8.30 og alle ”barrikadar” og ”pynting” skal ryddast tilbake på
plass straks og seinast innan kl. 11.00.
Såkalte ”dødslister”
skal ikkje lagast og ein skal avstå frå ”vekkøyring”/kidnapping. Erfaring viser at slike episodar lett vert
langt alvorlegare enn ein trudde. Firdarussen tek eit lite atterhald om
vekkøyring/kidnapping, men lovar at det i så fall skal føregå innafor
akseptable rammer.
GU-russen lovar å
avstå frå hærverk på russebilar. Med hærverk meiner ein m.a. tilgrising av
bilane, sukker el.l. på bensintank, tappe ut lufta, stikke hol i dekka o.l..
Russen på begge
skular vert oppmoda om (i fredeleg fellesskap) å delta i ryddeaksjonen i
sentrum om morgonen 17. mai. Denne ryddeaksjonen har no vore tradisjon i fleire
år.
Russen vil markere
seg på ein positiv måte i toga på 17. mai og grønrussen bør få ha russeutstyret
i fred denne dagen.