Flott russerevy - GRATULERER!

Årets russerevyen var ein av dei beste  på fleire år. Innslaga var varierte og krydra med god sang og musikk. Der var tradisjonelle sketsjar med m.a. gode parodiar på lærarar, gode dansenummer, imponerande filminnslag, både tradisjonell film med ”spooky” overgangar, men også gode animasjonsfilmar. Prikken over i’en var likevel Iver Urke Myklebust  i rollen som ”La Linnea”, den gamle, kjende strekfiguren frå TV-skjermen.

Vi takkar revysjef Isabel Grindheim og instruktør Camilla Wolan for ein flott revy og ber dei bringe helsinga vidare til alle dei andre som var med på revyen.