| Konkurransar i matematikk,
fysikk og kjemi Kvart år vert det arrangert konkurransar
(OL) i matematikk, fysikk og kjemi blant elevar i vidaregåande skule. Tilsaman
deltek fleire tusen elevar frå heile landet i desse konkurransane. Gjennom ei
innleiande runde på kvar enkelt skule får elevane høve til å kvalifisere seg
til runde nummer to i konkurransen. Dei omlag 20 beste frå runde nummer to er
kvalifisert til landsfinale. Dei beste frå landsfinalen er vidare kvalifisert til ein internasjonal
olympiade i faget. Ved Firda har vi gode tradisjonar frå
desse konkurransane og har i fleire år hatt finalistar i fleire av finalane.
Vidar
Klungre til landsfinalen både i
matematikk, fysikk, kjemi og informatikk 2007
Oppgåvene i 2. runde i
matematikk var vanskelege dette året. Vidar klarte
likevel ein flott 3. plass og er no klar for landsfinalen i Trondheim 8.-9.
mars. Les meir her:
http://abelkonkurransen.no/
I landsfinalen vart Vidar nr. 6.
Også i informatikk har Vidar Klungre
kvalifisert seg til landsfinalen i år med ein flott 5. plass.
Les meir her:
http://www.nio.ntnu.no/?menu=olympiad
I landsfinalen vart Vidar nr.
9.
Resultatet frå 2.
runde i fysikk er no klart. I fysikk slo Vidar Klungre til igjen som
best i landet med 24 poeng av 24 moglege. Ingen andre hadde over 22 poeng. Han
er no kvalifisert til landsfinalen.
Les meir om fysikk-OL her: http://www.fys.uio.no/skolelab/fysikkol/
I landsfinalen 30. mars gjekk Vidar
heilt til topps. Gratulerer!! Sjå resultatlista
her.
I kjemi er han også mellom dei 16 beste i landet og er kvalifisert for
landsfinale. Her er ikkje finalistane rangert etter poeng. Les meir her:
http://www.kjemi.uio.no/kjemiolympiade/russland.html
I landsfinalen vart Vidar ikkje blant dei 9
beste. Dei andre vart ikkje rangert.
Dette betyr at Vidar er kvalifisert til
landsfinalen både i alle dei fire realfaga - ein fantastisk prestasjon!
Vi gratulerer!

Vidar Klungre (3AAA) |
|
|
Fysikk - OL (landsfinalen
2006)
Landsfinalen i fysikk vart halden
ved Universitet i Oslo fredag 7. april. Firda sine to deltakarar i landsfinalen,
Atle Rygg Årdal og Vidar Klungre, gjorde ein kjempeinnsats og enda på 3. plass
(Atle Rygg Årdal) og 5. plass (Vidar Klungre). Vidar går no i 2. klasse i
vidaregåande, medan alle dei andre deltakarane i finalen var 3. klassingar.
Dette gjer resultatet endå meir imponerande. Dei er begge no i den situasjon at
dei kan velje om dei vil delta i den internasjonale finalen i matematikk i
Slovenia eller finalen i fysikk i Singapore. Dei har begge allereie bestemt seg
for matematikkfinalen i Slovenia, sjølv om Singapore kanskje hadde vore eit meir
spennande reisemål.
Vi gratulerer begge for flott innsats og ynskjer lukke til i Slovenia til
sommaren!

Vidar Klungre (2AAA) |

Atle Rygg Årdal (3AAA) |
|
Fysikk - OL (2. runde i
fysikkolympiaden 2005/2006)
No er resultatet frå 2. runde i fysikkolympiaden klart. Også her gjorde
elevane frå Firda det skarpt med to plassar mellom dei 18 som går til
landsfinalen. Firda er einaste skulen i fylket med deltakarar i landsfinalen og
ein av to skular i landet med meir enn ein deltakar i finalen. Dei to
finalistane i fysikk-OL er:
Vi gratulerer! I fysikk var det
Vidar som kom best ut med 17 poeng og delt 5. plass og Atle med 14 poeng og delt
14. plass. 3. - 7. april skal dei til treningsleir og norsk finale ved Fysisk
institutt, Universitetet i Oslo. Dei fem beste her går til den internasjonale
finalen i Singapore til sommaren. Les meir om fysikk-OL her: http://www.fys.uio.no/skolelab/fysikkol/
Matematikk - OL (Niels
Henrik Abel konkurransen i matematikk)
For andre år på rad er Firda beste skulen i landet med tre elevar blant dei 21
som går til landsfinalen. Som ifjor er vi også i år einaste skule i
landet med meir enn ein deltakar i finalen. Vi gratulerer!!

Atle Rygg Årdal (3AAA) |

Vidar Klungre (2AAA) |

Espen Austrheim Erdal (3AAA) |
Desse skal saman med 18 andre samlast til
landsfinale ved NTNU i Trondheim 9. mars. Dei tre beste i
landsfinalen, saman med tre som må gjennom ei ekstra kvalifiseringsrunde,
går vidare til den internasjonale finalen i Ljubljana i Slovenia 10.-18. juli. Les meir
om Niels Henrik Abelkonkurransen her.
Resultat i 2. runde
Atle nr. 3, Vidar nr. 5 (delt), Espen nr. 15 (det deltok i
alt 3940 elevar i konkurransen)
Resultat i landsfinalen
Atle nr. 3, Vidar nr. 4 og Espen
nr. 9 (dvs. at av dei ti beste var 3 frå Firda)
Atle er klar for internasjonalt OL i Ljubljana i Slovenia 10. - 18. juli. Truleg
vil også Vidar kome med etter ei ekstra kvalifiseringsrunde.
Når det gjeld laginnsats (3 elevar på laget) er Firda på topp i landet
innafor matematikk og 4. best i landet innafor kjemi. Dette er utruleg bra for
ein liten allmennfag skule som Firda. Bjarte Lofnes Hauge har også greidd å
kvalifisere seg til landsfinalen i alle tre faga og endåtil blitt bestemann i
landet i fysikk (delt førsteplass). Dette er ein utruleg sterk prestasjon. Litt
om resultata nedanfor.
Matematikk - OL (Niels
Henrik Abel konkurransen i matematikk)
Her var Firda beste skulen i landet. Finalistane frå Firda er Vidar Klungre
(1AAA), Atle Rygg Årdal (2AAA) og Bjarte Lofnes Hauge (3AAA)

Vidar Klungre |

Atle Rygg Årdal |

Bjarte Lofnes Hauge |
Desse skal saman med 18 andre samlast til
"treningsleir" og landsfinale i Oslo i midten av mars. Dei beste i
landsfinalen går til den internasjonale finalen i Mexico til sommaren. Les meir
om Niels Henrik Abelkonkurransen her.
Resultat i landsfinalen:
Vidar nr. 7, Atle nr. 9 og Bjarte nr. 13.
Kjemi - OL
I kjemiolympiaden vart Firda 4. beste skule i landet i lagkonkurransen. Bjarte
Lofnes Hauge er vår mann i finalen. Her møter han 15 andre finalistar frå
resten av landet til treningsleir og finale i Oslo 14. - 19. mars. Dei
beste frå denne finalen reiser til internasjonalt OL i Taiwan i slutten av
juli. Les meir om kjemi OL her.

Bjarte Lofnes Hauge - kjemifianlist
Resultat i landsfinalen: Bjarte
vart nr. 1 og vinnar!!
Fysikk - OL
I fysikkolympiaden var Bjarte Lofnes Hauge best i landet. Rett nok delte han
førsteplassen med Nina Holden frå Berg vgs. Dei 20 som gjekk til landsfinalen
skal på "treningsleir" og avsluttande finale ved Universitetet i Oslo
4. - 8. april. Dei beste går vidare til internasjonal finale i Spania sommeren
2005. Les meir om fysikk OL her.

Bjarte Lofnes Hauge - beste i fysikk!
Resultat i landsfinalen: Bjarte
vart nr. 8. Sidan tre av dei som var
framfor skal delta i matematikk-OL får Bjarte tilbod om å delta i den
internasjonale finalen. Han kjem likevel til å takke nei for å delta på
kjemi-OL i Taiwan.
|