RÅDGJEVARTENESTA

Timeplan for dei to rådgjevarane (Turid Hilde og Turid Korterud)  finn du ved å klikke her.
Velg Type = Lærar og under Velg ID vel du den rådgjevaren du vil sjå planen for.

Firda vidaregåande skule har to rådgjevarar. Turid Hilde har kontor ved sida av inngangen til lærarrommet og Turid Korterud har kontor i gamlebygget. Kontortida deira vil du finne på oppslag i klasseromma, på kontordøra og på rådgjevarane si informasjonstavle i gangen ved ekspedisjonskontoret.

Rådgjevarane kan hjelpe deg med:           

  • informasjon og råd om val av studieretningsfag og valfag.

  • informasjon og råd om yrke/vidare utdanning.

  • råd og rettleiing når det vert vanskar i skulearbeidet.

  • råd og støtte når det oppstår personlege eller sosiale vanskar.

  • rettleiing når du skal fylle ut søknadskjema til skular og til lån/stipend i statens lånekasse.

Rådgjevarane formidlar kontakt til helsepersonell, PPT-kontor og andre hjelpeinstansar/spesialistar når dette er ønskjeleg eller nødvendig.

Rådgjevarane har teieplikt: dei går ikkje vidare med det som blir sagt dei med mindre eleven sjølv ønskjer det.

Rådgjevarane har elles ansvar for informasjon om vidaregåande utdanning til ungdomsskulane i distriktet og til foreldre/føresette i samband med foreldremøta.

HUGS:
Gje melding til faglæraren din på førehand når du vil snakke med rådgjevaren i ein skuletime. Samtale med rådgjevar i skuletida vert ikkje rekna som fråvær.

OPPFØLGINGSTENESTA
I samband med Reform-94 vart det oppretta ei oppfølgingsteneste (forkorta til OT) i kvart fylke. I Sogn og Fjordane er tenesta delt i 10 regionar som dekkjer alle kommunane. I kvar region er det ein OT-koordinator som skal være til hjelp for dei ungdomane mellom 16 og 19 år som ikkje nyttar seg av tilbod om vidaregåande opplæring, eller som ikkje er i fast arbeid. OT skal også hjelpe dei som avbryt det opplæringstilbodet dei har fått.

OT samarbeider oftast med vidaregåande skule, arbeidskontor og PPT. Det er OT-koordinator sitt ansvar å samordne dei ulike tenestene/støttetiltaka som ungdomane får tilbod om.

OT-koordinator i Gloppen er Turid Korterud. Ho har kontor i første etasje i gamlebygget.

ALTERNATIV OPPLÆRING
I tillegg til ordinære treårige skuletilbod på ulike studieretningar kan Firda vgs og gje tilbod om:

  • Utvida opplæringstid (inntil fem år)
  • Redusert fagkrins
  • Kombinasjonar skule - arbeid
  • Opplæring etter individuelle læreplanar = spesielle opplegg tilpassa einskild-elevar sine behov

Slike ordningar som er nemnde ovanfor, kan setjast i verk dersom det ligg føre sakkunnig tilråding, t.d. frå Pedagogisk- psykologisk tenestekontor (PPT).

For nærare informasjon: Kontakt rådgjevar.

HJELPE-/STØTTETILTAK
Elevar som har sjukdomar, lange sjukehusopphald, spesielle vanskar, funksjonshemmingar etc. har rett på spesiell tilrettelegging etter nærare reglar.

Slike tiltak kan vere:

  • Tilrettelegging av prøver og eksamen (lengre tid, kombinerte skriftlege og munnlege prøveformer, bruk av EDB m.m.)
  • Lydbøker og anna hjelpeutstyr
  • Eige datautstyr
  • Ekstra støttetimar i eitt eller fleire fag
  • Tilrettelegging av rom, t.d. ved høyrselvanskar
  • Andre tiltak

Ekstra hjelpe-/støtte-tiltak kan setjast i verk etter sakkunning vurdering/attestasjon.

For nærare informasjon: Kontakt rådgjevar eller spesialpedagog.