Val av programfag på VG2 – hausten 2007

Nedanfor finn du oversyn over programfaga som er aktuelle for VG1-elevar på studieførebuande utdanningsprogram å velje for neste skuleår (VG2). Både elevane sine val og ressursar vil bestemme kor mange og kva fag skulen kan tilby. Alle faga er på 5 t/v. 

Elevar på Medium og kommunikasjon og på Helse og sosialfag har berre felles programfag og skal difor ikkje velje fag.

Programfag VG2 - studiespesialisering

Programområde

VG2

Realfag

Matematikk

Kjemi

Fysikk

Biologi

Informasjonsteknologi

Språkfag

Engelsk

Kommunikasjon og kultur

Samfunnsfag med økonomi

Næringslivsøkonomi II (Bedr.økonomi)

Marknadsføring, strategi og leiing

Sosiologi og sosialantropologi

 Tilleggspoeng for realfag:

punkt

Elevar som vel realfag, får tilleggspoeng, maks 4 poeng over 2 år.

punkt

Alle programfaga (5 t/v) gjev 0,5 realfagspoeng med unntak av matematikk R2 og Fysikk 2 (VG3) som gjev 1 poeng kvar

punkt

Maks. utteljing får ein difor når ein vel 3 realfag på VG2 og VG3 inkludert matematikk R2 og fysikk Fy2.

 

Programfag som ligg parallelt og kan veljast av alle elevar på ST, ID og MDD: 

Programområde

VG2

Drama

Teaterprod. fordjuping I

Musikk

Musikk fordjuping I

Dans

Scenisk dans fordjuping I

Idrett

Breiddeidrett I

Studiespesialiserande Biologi
Studiespesialiserande Informasjonsteknologi
Studiespesialiserande Sosiologi og sosialantropologi

 

Reglar for val av programfag:

punkt

Kvart programfag har eit omfang på 5 t/v.

punkt

På kvart programområde er det felles programfag som alle ha. Alle velje minst 2 ulike programfag frå eige programområde.

punkt

I tillegg til felles programfag må ein velje eitt eller to programfag til val.

punkt

Programfag til val vel ein frå eige programområde eller frå eit av dei andre studieførebuande programområda (MDD, ST, ID)

punkt

For å velje programfag frå andre programområde må elevane ha interesse for faget og nødvendige basiskunnskapar

punkt

Elevar frå ID og MDD kan ikkje få tilbod om matematikk fordjuping (R1/2MX)  pga. krav om eit ekstra programfag

 

Studiekompetanse

Generell studiekompetanse
Det vil seie rett til å søkje om opptak ved høgskular/universitet. Programområda  ST, ID og MDD gjev generell studiekompetanse viss ein fullfører alle faga med karakteren 2 eller betre.

Spesiell studiekompetanse
vert kravd til somme utdanningar. Det betyr at ein må ha bestemte fag/fagkombinasjonar innan realfag for å søkje desse studia. Døme på studium/yrke som krev spesiell studiekompetanse er medisin, ingeniør, farmasi, tannlege, landbrukshøgskule, handelshøgskule, dyrlege.

Studiespesialiserande programområde (ST) gjev altså spesiell studiekompetanse ved bestemte kombinasjonar av programfag. 

Viss du er i tvil om kva fagkombinasjonar ein må ha for å komme inn på spesielle  studiar/høgskular, bør de du ta kontakt med rådgjevarane på skulen.

 

Informasjon om dei ulike programfaga

Nedanfor finn du ei kort omtale av dei ulike programfaga som du kan velje. Alle får høve til å snakke med faglærarane i dei enkelt faga før valet, men ynskjer du meir informasjon, kan du og gå inn  på heimesida til Firda der det er mykje informasjon om fag, struktur og komepansemål.

 

Samfunnsfaga

Næringslivsøkonomi  II (bedriftsøkonomi) 
Nesten alle vil på eit eller anna tidspunkt ha seg ein jobb. I fleire og fleire jobbar/stillingar
vert det no innarbeidd at dei også skal ha ansvar for økonomien  som tilhøyrer stillinga. T.d. å lage budsjett, føre rekneskap og gjennomføre kontroll. Faget næringslivsøkonomi tar sikte på å gje deg ei god innføring i det, dessutan det å etablere, drive og eventuelt avvikle ei verksemd. Anten du er grűnder eller ’berre’ vil utdanne deg til eit yrke (økonom, arkitekt, ingeniør, jurist, prest eller fotballspelar) – så er dette faget for deg!

Du bør like å arbeide med tal (ikkje nødvendigvis god i matematikk) , arbeide systematisk (ha gode rutinar) og med stor grad av disiplin. Faget vil nytte  mykje IT (som t.d. Word, Excel, Power Point, internett), gruppe-/team arbeid og kanskje starte ungdomsbedrift...

Faget vil gje svar på:

  • Kvifor har vi bedrifter?
  • Kvifor er nokre bedrifter økonomisk betre enn andre?
  • Kvifor er det kjekkare å arbeide i ei bedrift – framfor i ei anna?
  • Kvifor får nokre betre løn enn andre – og er pengar alt?
  • Korleis kan vi drive bærekraftig – utan å øydeleggje ressursar, miljø eller klima?
  • Kan ei bedrift drive godt utan mobbing, korrupsjon, svindel, svart eller etiske overtramp?

 Vil du vite meir: Ta konktakt med faglærar eller klikk på web-adressa nedanfor til læreplanen i faget:

 http://www.utdanningsdirektoratet.no/templates/udir/TM_Læreplan.aspx?id=2100&laereplanid=7442&visning=2

 

Marknadsføring, strategi og leiing
Faget skal gi kunnskap om og praktisk innføring i sentrale marknadsføringsteoriar, marknadsstrategiar og problemstillingar knytta til personalleiing. Jobbar  Coca Cola for å verne om sine marknadsandelar overfor Pepsi? Arbeider Sony Ericsson med utvikling av nye telefonar? Korleis skal helsekostindustrien gå fram for å selje sine produkt med størst muleg forteneste? Kva krev ein av ein leiar og kva skil ein dyktig leiar frå ein dårleg? Dette er spørsmål vi skal drøfte og finne svar på i undervisninga.

Mykje av undervisninga vil ta utgangspunkt i verkelegheitsnære, praktiske problemstillingar. Det vert lagt opp til mykje diskusjon og arbeid i grupper. Det er et mål at eleven skal utvikle sine kreative evner, samt trenast  i refleksjon og det å sjå samanhengar mellom politikk, samfunn og marknad.

Vidare utdanningsforløp
Norges Markedshøyskole
BI – spesialisering innafor marknadsdsføring, strategi og leiing
Høgskular med fagområde innafor næringslivsøkonomi, marknadsføring og leing
Westerdahls reklamehøyskole
Andre kreative skuler der arbeidet er retta inn mot sal og marknadsføring.

Vil du vite meir: Ta konktakt med faglærar eller klikk på web-adressa nedanfor til læreplanen i faget:

 http://www.utdanningsdirektoratet.no/templates/udir/TM_Læreplan.aspx?id=2100&laereplanid=7418

 

Sosiologi og sosialantropologi
Faget handlar om det å leve i samfunnet, i spenninga mellom forventningar til fellesskapet sine normer og individuelle ynskjer om fridom og personlege val.

 Å vere engasjert i samfunnsspørsmål, er viktig for å ha utbytte av faget. Faget skal hjelpe deg til refleksjon, engasjement og personleg vekst i eit samfunn i stadig endring.

 Faget har 5 emne:

·        Samfunnsvitskapelege tenkjemåtar.
Om tenkjemåtar i sosiologi og sosialantropologi, og om på kva måte ein innhentar kunnskap om samfunnet.

·        Kulturforståing.
Om likskapar og skilnader mellom kulturar.

·        Sosialisering.
Om sosialiseringa i ulike kulturar og om massemedia si rolle i prosessen.

·        Produksjon og arbeid.
Om produksjon i ulike kulturar og tidsepokar og om arbeidet si tyding for individ og samfunn.

·        Fordeling av gode.
Om makt, fordeling av gode, politiske ideologiar, lagdeling og mobilitet.

Vil du vite meir: Ta konktakt med faglærar eller klikk på web-adressa nedanfor til læreplanen i faget:

 http://www.utdanningsdirektoratet.no/templates/udir/TM_Læreplan.aspx?id=2100&laereplanid=7406  

 

Realfaga


Kjemi I
Kjemi har som mål å skape interesse for kjemi og naturvitskapleg kunnskap, dette  er naudsynt for å kunne delta i samfunnsdebatten.

Gjennom vekselverknad mellom teori, øvingar og demonstrasjonar set ein seg inn i oppbygnaden av stoff  og reaksjonar i naturen og i industrien.

Kjemi er viktig i utviklinga av bioteknologi, nanoteknologi, farmasi, miljøfag, nye materialar og nye energikjelder, og er stilt som opptakskrav til vidare studium innan fleire naturvitskaplege retningar.

Kjemi 1 har 5 veketimar, og inneheld emne som oppbygnad, bindingstypar, reaksjonslikningar, stoffmengd, vasskjemi, syrer og basar, og noko organinsk kjemi.

Kjemi 2 har og 5 veketimar, og inneheld emne som analyse, meir organisk kjemi, redoksreaksjonar og materialar.

 Vil du vite meir: Ta konktakt med faglærar eller klikk på web-adressa nedanfor til læreplanen i faget:

http://www.utdanningsdirektoratet.no/templates/udir/TM_Læreplan.aspx?id=2100&laereplanid=7334

  

Fysikk I
Fysikk handlar om å finne grunnleggande prinsipp og lover som kan forklare fenomen som vi ser rundt oss i naturen og universet. Mykje av den teknologiske utviklinga har sitt utspring frå fysikk.

I fysikkfaget vil du møte teoriar, rekning med formlar, observasjonar og praktisk laboratoriearbeid.

I Fysikk 1 vil du møte klassisk fysikk ( krefter, rørsler, energi, termofysikk, elektrisitet og bølgjer),  moderne fysikk (atomfysikk og atrofysikk ), bruk av matematikk for å beskrive naturen, vitenskapleg metode nytta i forsøkfysikk og teknologi .

Ved opptak til høgskular og universitet er det krav om at du har fysikk 1 for å kome inn på visse studiar.

 Vil du vite meir: Ta konktakt med faglærar eller klikk på web-adressa nedanfor til læreplanen i faget:

 http://www.utdanningsdirektoratet.no/templates/udir/TM_Læreplan.aspx?id=2100&laereplanid=7322

  

Biologi I

Mykje om kropp og organ, og litt utviklingslære og marinbiologi

 Laboratoriearbeid og feltarbeid: I Biologi 1 gjer vi laboratorieøvingar knytt til aktuelle miljøproblem, til cellebiologi, bakteriologi, og mennesket sin fysiologi (korleis organa i kroppen fungerer).  Du får bruke moderne metodar som er vanlege innanfor biologisk rutinearbeid og forsking. Vi har det marinøkologiske feltarbeidet vårt på øya Runde. Der lærer du å kjenne eit tjuetals algar i sjøen, omtrent like mange kystfuglar og eit liknande tal dyr frå fjæreområdet. Du vert også kjend med eindel landplantar som er typiske for kystmiljøet.

Cellebiologi, menneskefysiologi og immunologi: Du får moderne kunnskap om korleis dei minste delane av dyrecellene og plantecellene er bygde og fungerer. Du lærer også om bakteriar og virus. Du ser på korleis dei ulike organa og organsystema til mennesket fungerer (fysiologi), og får moderne og grundig kunnskap om immunsystemet.

 Evolusjon og artsmangfald: Du lærer om korleis artane endrar seg og tilpassar seg miljøet gjennom evolusjon, og korleis det har ført til den mengda av artar med ulik bygnad og kroppsfunksjon vi har på jorda. Vi ser også på kva som kan gjerast for å redusere skadane som menneska gjer på artane.

Vil du vite meir: Ta konktakt med faglærar eller klikk på web-adressa nedanfor til læreplanen i faget:

http://www.utdanningsdirektoratet.no/templates/udir/TM_Læreplan.aspx?id=2100&laereplanid=7310

 

Matematikk R1
Matematikk R1 byggjer på matematikk VG1T.
Programfaget matematikk for realfag gir fordjuping i matematikk for vidare studiar og arbeid innan naturvitenskap, medisin, teknologi, datafag, økonomi og i utdanningssektoren..

Matematikk er dessutan reiskapsfag for programfaga fysikk og kjemi.

Programfaget R1 utdjupar og utviklar dei ferdigheitene elevane har fått frå VG1T i geometri, algebra, funksjonslære og kombinatorikk og sannsyn.

 Firda vgs har lenge hatt ein god tradisjon ved å være blant dei beste skulene i landet i matematikk

 Vil du vite meir: Ta konktakt med faglærar eller klikk på web-adressa nedanfor til læreplanen i faget

http://www.utdanningsdirektoratet.no/templates/udir/TM_Læreplan.aspx?id=2100&laereplanid=7274

  

Informasjonsteknologi I
Hovudområda i dette faget er digital samtid, nettstader og multimedia, og databasar.
(Beklagar bokmål nedanfor)

Digital samtid
Hovedområdet handler om hvordan digitalt utstyr fungerer, og hvordan standarder, programvare og grensesnitt muliggjør samhandling mellom datamaskiner og annet utstyr. Videre dreier det seg om hvordan teknologien påvirker og påvirkes av samfunnet, og hvordan den enkelte møter teknologien i hverdagen. Kjennskap til gjeldende regelverk og etiske normer for bruk av informasjonsteknologi er sentralt. I tillegg inngår datasikkerhet i hoved­området.

Nettsteder og multimedier
Hovedområdet handler om utforming, implementering og vurdering av nettsteder med tekst, lyd, bilde, video og animasjoner. Sentralt i hovedområdet er organisering og helhetlig grafisk utforming av nettstedene, slik at de blir tilgjengelige for brukere. Videre dreier det seg om bruk av standardløsninger i egenutviklede IT-løsninger.

Databaser
Hovedområdet handler om modellering og realisering av databaser, og utvikling av IT-løsninger med utgangspunkt i databaser. Videre dreier det seg om hvordan databaser kan gjøres tilgjengelige på nettsider ved hjelp av spørrespråk og programvare på tjener.

Vil du vite meir: Ta konktakt med faglærar eller klikk på web-adressa nedanfor til læreplanen i faget.

http://www.utdanningsdirektoratet.no/templates/udir/TM_Læreplan.aspx?id=2100&laereplanid=7274

  

Språkfaga

Engelsk
Innhald:
Engelsk programfag  VG2 har fokus på internasjonal engelsk. Her vert du betre kjent med den engelskspråklege verda gjennom ulike tema:

  • Kulturforståing: fleirkulturelle samfunn og interkulturell kommunikasjon
  • Internasjonale og globale utfordringar
  • Medias roller i det internasjonale samfunnet
  • Litteratur, film og fordjupingsarbeid

(Mindre fokus på USA og Storbritannia enn før)

 Kommunikasjon, språk og språklæring vert og lagt vekt på. Vi jobbar med forskjellege typar tekst, utvidar ordforrådet vårt, og har som mål å beherske ulike kommunikative settingar i tal og skrift. Du får betre kunnskap til det engelske språket og kan utvikle eigne strategiar for å fremje språklæringa di.

For kven?
For alle!  

At engelsk er verdas mest brukte framandspråk veit du allereie. Du veit at du treng det for å få tilgang til informasjonskjelder og til eit internasjonalt kultur- og samfunnsliv.

Men har du tenkt på at engelsk blir alt viktigare innom høgare utdanning, vitskap og arbeidsliv – også her i Noreg? Derfor blir det stadig meir nødvendig å beherske engelsk på eit avansert nivå, samstundes som vi treng auka interkulturell kompetanse for å opne dører til dei mange land og kulturar som bruker engelsk.

 Vil du vite meir: Ta konktakt med faglærar eller klikk på web-adressa nedanfor til læreplanen i faget

http://www.utdanningsdirektoratet.no/templates/udir/TM_Læreplan.aspx?id=2100&laereplanid=7526

 

Kommunikasjon og kultur
Dette er eit nytt fag i vidaregåande skule, eller eigentleg tre fag: Kultur og kommunikasjon 1 (tilbod i VG2), 2 og 3 (tilbod i VG3). Du kan altså velje faget i VG2 og bygge på med eitt av dei to andre i VG3.

Faget er eitt av dei faga ein kan velje innan programområdet SPRÅK, og kan t.d. kombinerast med engelsk for å få to programfag.

Bakgrunnen for dette nye faget er innsikt i kor viktig kommunikasjon er – både for den enkelte i møte med andre menneske og kulturar, og for samhandling land og kulturar i mellom. Noreg er i dag eit fleirkulturelt samfunn, og globaliseringa har sett sterkt preg på utvikinga i verda dei siste tiåra. Det same har utviklinga av dei vi gjerne kallar informasjonsamfunnet gjort. Alt dette gjer at kunnskapar om kulturforhold og kommunikasjon har vorte viktigare enn før. Det nye programfaget skal ruste oss til å møte den spennande og motsetnadsfylte samtida vår – både gjennom praktiske ferdigheiter og teoretiske kunnskapar.

I Kommunikasjon og kultur 1 får ein lære om korleis tekstar av ulike sjangrar vert forma av kulturelle og sosiale forhold. Hovudtyngda av tekstane er samtidstekstar – og då tekstar i vid tyding: munnlege, skriftlege, levande bilde, grafikk, musikk. I dette faget får du også lære om kva som skjer når menneske frå ulike kulturar kommuniserer med kvarandre, og om kva rolle ulike medium har i slike kommunikasjonsprosessar.

Kommunikasjon og kultur er eit moderne fag som vil gje deg viktige innsikter i det samfunnet og den verda vi lever i. Og du får både produsere og analysere tekstar – i ulike medium og sjangrar.

Vil du vite meir: Ta konktakt med faglærar eller klikk på web-adressa nedanfor til læreplanen i faget

http://www.utdanningsdirektoratet.no/templates/udir/TM_Læreplan.aspx?id=2100&laereplanid=7538

 

Idrett

Breiddeidrett  

Innhald:         

  • Idrettsaktivitetar:  minimum 2 valgfrie idrettar , lagidrett + ind.idrett
    - eks: fotball og turn
    Mål: utvikle dugleik, lære reglar, fair play/samarbeid
    I tillegg: leik, rytmisk aktivitet til musikk
     

  • Basistrening:
    grunntrening
    (eks. styrke, uthald, spenst, koordinasjon (balanse osv)  = trening av fysiske, psykiske og koordinative eigenskapar
    - planlegging/vurdering av slik trening
     

  • Fysisk aktivitet og helse
    - skadeførebyggjande trening osv
    - anatomi/fysiologi

Kven høver faget for?
Elevar som likar å vere i allsidig, fysisk aktivitet, og som er glade i å trene variert. Faget høver både for non-idrettsutøvarar som berre likar å trene og for ”toppidrettsutøvarar” som vil trene allsidig i tillegg til den andre
treninga.

NB! Elevar som søkjer frå studieretningar utanfor idrettsfag (eks. studiespes.)  må starte med Breiddeidrett 1.

Vil du vite meir: Ta konktakt med faglærar eller klikk på web-adressa nedanfor til læreplanen i faget

http://www.utdanningsdirektoratet.no/templates/udir/TM_Læreplan.aspx?id=2100&laereplanid=7863

 

Musikk

Musikk fordjuping I
Vil du vite meir: Ta konktakt med faglærar eller klikk på web-adressa nedanfor til læreplanen i faget

http://www.utdanningsdirektoratet.no/templates/udir/TM_Læreplan.aspx?id=2100&laereplanid=7658

 

Dans 

Scenisk dans fordjuping I
Vil du vite meir: Ta konktakt med faglærar eller klikk på web-adressa nedanfor til læreplanen i faget

http://www.utdanningsdirektoratet.no/templates/udir/TM_Læreplan.aspx?id=2100&laereplanid=7718

 

Drama

Teaterproduksjon fordjuping I
Vil du vite meir: Ta konktakt med faglærar eller klikk på web-adressa nedanfor til læreplanen i faget

http://www.utdanningsdirektoratet.no/templates/udir/tm_Programområde.aspx?id=2101&poid=7963