ORDENSREGLEMENT FOR FIRDA VIDAREGÅANDE SKULE

 

Fastsett med heimel i ”Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa” av 17. juli 1998 nr. 61 §3-7 og §9a, forskrift til opplæringslova av 23. juni 2006 og forskrift til ordens­reglement for dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane vedteke i hovudutval for opplæring 29. mars 2007. Ordensreglementet tek til å gjelde frå 1. august 2007.

 

§ 1   FØREMÅL

Føremålet med reglementet er å bidra til godt samarbeid, god trivsel, respekt og medansvar. Reglementet skal fremje god orden og gode arbeidsvanar og slik leggje til rette for god læring. Reglementet gir reglar for

¨       Elevane sine rettar og plikter

¨       Oppmøte og fråvær

¨       Orden og åtferd

¨       Tiltak overfor elevar som bryt reglane og om framgangsmåten ved behandling av slike saker.

 

§ 2   VERKEOMRÅDE

Reglementet gjeld for alle som er under opplæring ved skulen. Dette gjeld alle elevar i vanleg utdanningsløp, lærlingar, elevar i vaksenopplæringa, hospitantar og andre når opplæringa går føre seg i skulen sin regi. Når vi i resten av reglementet omtalar ”elevar” så omfattar dette alle dei nemnde gruppene.

Reglementet gjeld óg ved opplæringsformer og aktivitetar som blir gjevne under skulen sitt ansvar og regi utanfor skulen sitt område (t.d. ekskursjonar),  så langt reglementet ikkje er i strid med lokalt gjevne påbod eller forbod.

 

§ 3   RETTAR FOR ELEVANE

a.        Elevane har rett til vidaregåande opplæring, hjelp og rettleiing i samsvar med opplæringslova,  fylkeskommunale vedtak og gjeldande forskrifter og læreplanar.

b.       Elevane har rett til tilpassa opplæring og når vilkåra er oppfylt, også til spesialopplæring. Elevar kan også ha rett til hjelp og støttetiltak ved sjukdom eller omsorgsansvar. Skulen gjev nærare informasjon om vilkåra for dette.

c.        I samarbeid med klassen/gruppa og lærarane har elevane rett til å delta i planlegging, gjennomføring og evaluering av opplæringa.

d.       Elevane har rett til rettleiing og tilbakemelding undervegs i høve til dei måla han/ho arbeider etter. Det skal gjennomførast førebudde elevsamtalar mellom elev og faglærar/kontakt­lærar etter gjevne retningslinjer.

e.        Ved faglege, personlege eller sosiale vanskar som har innverknad på opplæringa, har eleven rett til rådgjeving, oppfølging og hjelp til å finne seg til rette, jfr. forskrift til opplæringslova,  § 22-1. Eleven har vidare rett på tilgang til sosial- og spesialpedagogisk teneste.

f.         Eleven har rett til rådgjeving om utdannings- og yrkesval,  jfr. forskrift til opplæringslova, § 22-2.

g.       Elevane har rett og plikt til å opprette elevråd,  jfr. opplæringslova,  § 11-6.

 

§ 4   PLIKTER FOR ELEVANE

a.        Elevane har plikt til å gjere seg kjende med og rette seg etter dei reglar i lov, forskrifter og reglement som til eikvar tid gjeld.

b.        Eleven pliktar i samarbeid med dei andre medlemene i skulesamfunnet å skape eit godt

arbeidsmiljø og gode samarbeidsformer slik at alle trivst og vert respekterte.

c.        Elevane pliktar å møte presis til undervisninga, halde dei tidsfristane som skulen set og delta aktivt i undervisninga i den form ho vert gjeven eller avtalt.

d.        Elevane pliktar å delta i planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisninga.

e.        Elevane har plikt til å rette seg etter dei reglar som gjeld for bruk av spesialrom og verneutstyr.

f.         Elevane skal skaffe seg og ha med seg læremiddel, materiell og utstyr som ein treng i opplæringa.

g.       Elevane har plikt til å rette seg etter reglar for ekskursjonar og andre arrangement utanfor skulen, når dette skjer i skulen sin regi.

h.       Skulen sin eigedom og utstyr skal behandlast med varsemd og omtanke. Hærverk og

skadeverk kan medføre erstatningsansvar (jfr. skadeerstatningslova).

i.         Elevar som gjennom arbeidet sitt, oppdrag eller verv i samband med vidaregåande opp-

læring blir kjende med opplysningar som er underlagt teieplikt, har teieplikt etter reglane i § 13 i forvaltningslova.

 

§ 5   ORDEN OG ÅTFERD

Det skal leggjast vekt på å skape eit godt arbeids- og læringsmiljø prega av engasjement, aktiv deltaking og gode samarbeidsformer. Det er viktig å vise respekt, leggje til rette for medansvar og unngå eller hindre åtferd som har negativ innverknad på miljøet.

 

a.        Både i opplæringssituasjonen og i fritida på skulen skal elevane syne god folkeskikk og

orden. Ein viser her til kriteria for karakteren i orden og åtferd som er nedfelt i § 4-9 i forskrift til opplæringslova og skulen sine eigne retningsliner som er utleia av desse.

b.        Alle må ta omsyn til og opptre realt og høfleg overfor kvarandre. Plaging, mobbing, vald

eller anna krenkjande åtferd vert ikkje akseptert, og alle pliktar å hindre at dette skjer.

c.        Det er viktig for trivselen at det blir halde god orden over heile skulen, både ute og inne.

Alle skal opptre slik at krav til hygiene og helse blir ivareteke.

d.        Ingen har lov til å røyke, bruke snus eller andre  tobakksformer på skulen sitt område eller i lokale som skulen leiger.

e.        Å bruke, oppbevare eller vere påverka av alkohol eller andre rusmiddel er forbode på

skulen sitt område.

f.         Det er forbode å ha med seg farlege gjenstandar eller våpen på skulen sitt område.

g.       Elevane har ikkje lov til å ha mobiltelefonar påslegne i undervisningstimane og under

prøver.

h.     Det er ikkje tillate å ete eller drikke i undervisningstimane.

 

§ 6   OPPMØTE OG FRÅVÆR

a.        Elevane pliktar å møte presist på skulen til fastsett tid dersom det ikkje ligg føre avtale med faglærar/ar eller rektor om ei anna arbeidsform. Elevane har vidare plikt til å delta aktivt i opplæringa.

b.        Som hovudregel må eleven ikkje vere borte frå skulen utan at han/ho er hindra av sjukdom eller annan tvingande grunn,  eller har fått løyve til å vere borte.

c.     Elevane pliktar å ha oversyn over eige fråvær.

d.        Dersom ein elev blir sjuk eller av annan tvingande grunn må forlate opplæringa i løpet av skuledagen, skal han/ho alltid melde frå til kontaktlærar/faglærar eller til resepsjonen.

e.        Dersom fråværet varer meir enn tre dagar i samanheng, skal skulen ha melding snarast råd. Dette gjeld uansett årsak til fråværet.

f.         Alt fråvær for elevar skal førast på vitnemål og kompetansebevis. Eleven kan krevje at årsaka til fråvær vert påført dokumentasjonen, men er då sjølv ansvarleg for å ta vare på naudsynt dokumentasjon.

g.       Rektor kan i visse høve gje elevar fri frå opplæringa i opptil 14 skuledagar i eit skuleår utan at desse dagane skal førast som fråvær på dokumentasjonen. Dette gjeld til dømes fråvær i samband med arbeid som tillitsvald, politisk arbeid, hjelpearbeid, lovpålagde oppmøte og fråvær av helse- og velferdsgrunnar. Jfr. § 4-35 i forskrifta til Opplæringslova.

h.       Høgt fråvær kan føre til at det ikkje er grunnlag for å setje termin- eller standpunktkarakter. Jfr. § 4-10 i forskrifta til Opplæringslova.

 

§ 7   FUSK ELLER FORSØK PÅ FUSK

Avskrift av andre sitt arbeid eller nedlasting av informasjon frå internett som vert innlevert som eige produkt utan kjeldetilvising, vert sett på som fusk eller forsøk på fusk. Det same gjeld bruk av ikkje tilletne hjelpemiddel som t.d. andre sine datafiler, anna elektronisk utstyr og kommunikasjon under prøver. Å gje hjelp vert vurdert på same måte som å motta hjelp.

Fusk eller forsøk på fusk kan få konsekvensar for karakteren i orden og åtferd. Den vil også kunne svekke vurderingsgrunnlaget i faget.

Dersom ein elev blir teken i fusk eller forsøk på i samband med eksamen,  skal dette straks meldast til rektor og behandlast etter reglane i § 3-22 i forskrift til opplæringslova.

§ 8   EKSKURSJONAR/STUDIETURAR

Det er frivillig for den enkelte elev å delta på ekskursjonar/studieturar, og det skal lagast alternative opplegg for elevar som ikkje ynskjer å delta. Elevar som ikkje er myndige, må ha løyve frå føresette for å kunne delta på ekskursjonar eller studieturar til utlandet.

På ekskursjonar skal det setjast opp eigne reglar og avtaler som byggjer på ordensreglementet. Ved brot på desse reglane kan eleven verte send heim på eiga rekning.

 

§ 9   BRUK AV DATA OG INTERNETT

Elevane skal kjenne til skulen sine særskilde reglar for bruk av datarom og datautstyr. Desse reglane finn ein i skulen sitt informasjonshefte og på skulen si nettside.

Dette er ikkje tillate:

¨       å laste ned upassande sider med valdeleg, pornografisk eller rasistisk innhald frå nettet

¨       å delta på chattekanalar på internett i undervisningstida

¨       å installere program på skulen sine maskiner utan løyve frå faglærar

¨       å gje andre informasjon om eige brukarnamn og passord til skulerelaterte program og nettstadar

 


§ 10   BROT PÅ REGLEMENTET

Brot på reglementet fører til reaksjonar mot eleven i form av åtvaring/tilsnakk,  refsingstiltak eller særskilde tiltak. Refsingstiltak vil vere:

¨       Bortvising frå klasse/gruppe for resten av timen etter avgjerd av faglærar

¨       Påtale frå overordna (rektor/skuleleiinga)

¨       Bortvising for resten av skuledagen etter avgjerd av rektor

 

Ved alvorleg brot på skulereglementet eller dersom negative tilhøve ikkje blir betre, kan særskilde tiltak setjast i verk. Særskilde tiltak er:

¨       Bortvising av eleven inntil 5 dagar etter avgjerd av rektor

¨       Bortvising for resten av skuleåret, jfr. § 3-8 i opplæringslova. Vedtak blir gjort av hovudutval for opplæring.

 

Sogn og Fjordane fylkeskommune kan i tillegg gjere vedtak om tap av rett til vidaregåande opplæring.

 

§ 11   SAKSHANDSAMING

Eleven skal kunne forklare seg før refsingstiltak blir sett i verk.

Ved særskilde tiltak skal rektor først rådføre seg med eleven sine lærarar. Særskilde tiltak blir rekna som enkeltvedtak etter forvaltningslova. Eleven har såleis rett til dokumentinnsyn, partsuttale og rett til å klage på vedtak om bortvising,  jfr. kap.IV-VI i forvaltningslova. Eleven har krav på rettleiing om partsrettar og framgangsmåte ved klage.

Klageinstans for vedtak om tap av rett til vidaregåande opplæring er Statens utdanningskontor. For dei andre vedtaka er fylkeskommunen klageinstans.

 

§ 12  SÆRSKILDE TILLEGGSREGLAR

I tillegg til ordensreglementet og i medhald av lov og forskrift har skulen eigne reglar/retningsliner for følgjande:

¨       Retningslinjer for ekskursjonar

¨       Reglar for orden og åtferd

¨       Parkering/køyring på skuleområdet

¨       Reglar for bruk av datarom/datautstyr og internett

¨       Bruk av oppslagstavler

¨       Heildagsprøver

 

§ 13   SAMARBEID SKULE – HEIM

Det skal leggjast vekt på å skape gode samarbeidsforhold mellom skule og heim. Foreldre/føresette for umyndige elevar har krav på god informasjon om forhold som har noko å seie for i kva grad det er mogeleg for eleven å nå målet med opplæringa.

 

Foreldremøte og konferanse/samtale mellom foreldre/føresette og lærarar/anna personale er viktige forum for informasjon, samarbeid og kontakt.

 

Elevar og foreldre/føresette til umyndige elevar har rett til følgjande:

¨       Melding om termin-og standpunktkarakterar

¨       Varsel ved fare for ikkje vurdering og nedsett karakter i orden og åtferd

¨       Melding om gjentekne refsingstiltak

¨       Informasjon om høgt fråvær

¨       Informasjon om ekskursjonar/friluftsturar og liknande og dei reglar som gjeld

¨       Partsrettar i samband med saksførebuing, melding og klage ved særskilde tiltak

¨       Informasjon om særlege problem i forhold til opplæring/skulegang og behov for spesial-undervisning

¨       Informasjon om ordensreglementet for skulen