Open skule på Firda vgs

Dagar
tysdag 
onsdag 
torsdag  
Tider
18.00 - 23.00
18.00 - 22.00
18.00 - 23.00
Miljøarbeidarar på Firda
Liv Ingunn Holvik er miljøkoordinator på Firda. Ho vil vere tilstades på Open Skule tysdagar. Ho har ansvar for Open Skule.
Irene Aa er miljøarbeidar på Firda og vil bli på Open Skule onsdagar og torsdagar.


Her er nokre av tilboda på Open skule:

  • Opa kantine (heimelaga mat to kveldar i veka)

  • Filmkveldar 

  • Spes. arr. som opningsfest, nissefest, bli kjent fest og valentinesfest

  • Kokkekamp

  • Leksegrupper 

  • Matte-hjelp av elevar i 2. og 3. klasse

  • Concordia (møte tysdagar)

  • Konsertar av og til

  • Kort/brettspel i kantina

  • TV(parabol)/DVD, CD-spelar

  • Dansematter, singstar og playstation

  • Biljard

  • Bordtennis 

  • Ope klasserom for studiearbeid/øving

  • Tilgang til musikk-, media- og IKT-rom

  • Ope datarom med Internett-samband

  • Vaskemaskin/tørketrommel (alle dagar)
    (vaskepulvertablettar kan kjøpast i kantina)

  • Tilgang til symaskin og strykejern

Open Skule har som målsetjing at det skal vere ein stad der elevane skal kunne kome innom for å vere der - utan å måtte delta i aktivitetar eller arrangement utover dette. Elles kan elevane sjølve ta kontakt med miljøarbeidaren eller ein av elevane i styringsgruppa om det er ynskjeleg med andre aktivitetar/arrangement, så ser vi kva vi får til.

Velkomen til open skule!

Retur til hovudsida