| Vinn ein tur
til New York og FN?
Odd
Fellow Ordenen i Norge arrangerer kvart år ein to vekers tur for
norsk ungdom til USA. Føremålet med turen er å gje norsk ungdom ein
brei bakgrunn for FN si verdsomspennande, fredsbevarande og humanitære
verksemd og gje ålmenta innsikt i Odd Fellow Ordenen sitt positive
arbeid. Første veka av turen vil bestå av omvisningar, førelesingar og
foredragskonkurransar om FN-relaterte tema i FN-bygningen og besøk til
kjende minnesmerke. Denne delen av turen vert saman med omlag 150 andre
ungdomar frå Europa og Canada. Andre veka vil verte ei rundreise i USA.
Kven kan delta?
Ungdom som har fylt 16 år, men ikkje fylt 18 år før 15. juli 2006. Viss
du ynskjer å delta så kontakt adm.leiar
Gunnar Nygjerd snarast.
Korleis kvalifiserer du
deg?
Først må du skrive ein stil om eitt av følgjande tema:
- Sett i lys av det nye verdsbiletet der
terrororganisasjonar gir grunnlag for ufred og krigstilstandar, til
dømes hendinga i New York 11. september 2001, drøft FN si rolle som
fredbevarande verksemd i dette biletet.
- Drøft FN si rolle som fredsbevarande
organisasjon for å løyse kriser og konfliktsituasjonar i ulike land,
til dømes Irak-problematikken.
- Beskriv og gi ei vurdering av FN sitt
humanitære arbeid.
- Drøft FN sitt arbeid for barn i naud.
På grunnlag av stilane vert det plukka ut
1-2 deltakarar pr. skule. Deretter vert det intervju med skulevinnarane
for på grunnlag av stil + intervju velje ut vinnaren som får reise til
USA. I Sogn og Fjordane ser det ut som berre tre vidaregåande skular kjem
til å delta, så sjansen til å kvalifisere seg er ganske stor om du
skriv ein god stil.
Reisa
Vinnaren skal reise saman med vinnarane i andre fylke på denne turen som
går frå Oslo 1. juli med retur 15. juli. Alle kostnader vert dekka. For
å få eit inntrykk av kva reisa går ut på kan du sjå på rapportar
frå reisene dei tre føregåande åra:
Ungdomsreisa 2005 | Ungdomsreisa
2004 | Ungdomsreisa
2003
Fristar
Meld frå til adm.leiar
Gunnar Nygjerd snarast råd dersom du ynskjer å delta.
Frist for å levere stilen: 17. februar (før vinterferien).
Intervju og endeleg val av vinnar vil skje i første halvdel av mars.
|