 |
Vil
du vere med i OD eller ID-komiteen?
(24.05.07)
Har du lyst å vere med på å
arrangere Operasjon Dagsverk eller
Internasjonal Dag til hausten? Elevrådet ynskjer kontakt med elevar
som vil engasjere seg.
Les meir ...
|
 |
Trygt heim for 50-lapp 17. mai (15.05.07)
Også i år går Trygt heim for ein
50-lapp natt til 17. mai. Rutetider og avgangsstader er dei same som
elles i året. Fylkeskommunen oppmodar ungdomen om å bruke dette
tilbodet om rimeleg og trygg transport heim.
Les meir ...
|
 |
Tre Firda-elevar gjorde reint bord
(14.05.07)
Skolekammeret er Dagbladet.no sitt
forum for diktskriving blant elevar. For april plukka Dagbladet ut fem
finaledikt, det viste seg at alle var skrivne av tre Firda-elevar.
Les
meir ....
|
 |
Rocka maikveld på Gloppen Scene
(08.05.07)
Torsdag er det igjen rock på
Gloppen Scene. Som vanleg blir det pizza frå kl. 2000, og så går banda
på scena kl. 2130. Les
meir + plakat her! |
 |
Slutten av skuleåret - plan
(07.05.07)
På slutten av skuleåret
vert det ofte spørsmål om når det er skule, eksamen, fri i samband med
eksamen o.s.v.
Plan for kva som skjer desse siste vekene av skuleåret frå og med veke
21 finn du her. |
 |
Gunnhild Årdal med beste stil i 2006
(07.05.07)
Gunnhild Årdal gjekk ut på
musikklinja på Firda våren 2006. Ho har fått "Fridthiov Oos" - prisen
for beste nynorskstilen i landet ved eksamen i 2006.
Prisen deler ho med to elevar frå Stord.
Gunnhild er for tida på reise jorda rundt og fekk
på denne måten eit tilskot til reisekassen. Vi gratulerer!
|
 |
Firda-elevar på ekskursjon til Paris (03.05.07)
2FRC og 1FRC har vore i Paris. Turen var
vesligna med eit utruleg sommarver, og fleire blei solbrende, medan
andre gjekk heime på Sandane i snøbyger!
Les meir og sjå bilete ...
|
 |
Hugs
Skolehjelpen frå NTNU
(23.04.07)
"Skolehjelpen"
gjev gratis support på alle program i MS-Office og OpenOffice + MSN
Messenger. Tenesta er gratis for deg som er elev eller lærar på Firda.
Du finn link til "Skolehjelpen" i menyen "Ut i verda" i venstre kant
eller på
www.ntnu.no/skolehjelpen.
|
 |
QUIZ-kveld på Gloppen Hotell
(15.04.07)
Hugs at torsdag er det igjen
QUIZ-kveld på Gloppen hotell! Kl. 20: Pizza, 21:
Quiz, 22.30: Konsert.
Les meir om kva som skjedde forrige QUIZ-kveld. |
 |
Vidar til topps i fysikk!!!
(30.03.07)
Etter å ha vore litt misfornøgd med
innsatsen i landsfinalane i matematikk, kjemi og informatikk, slo
Vidar i dag til ved å vinne landsfinalen i fysikk.
Gratulerer!!
Resultatliste.
Les meir ...
|
 |
LANBASE på Firda vgs etter påske
(30.03.07)
13.-15. april skal IKT-klassen på
Firda vgs arrangere Lanbase igjen. Denne gongen blir det ikkje berre
speling og konkurransar, men det blir også kurs i mellom anna html og
php. Les meir ....
|
 |
Elevrådsmøte 10. april
(29.03.07)
Tysdag 10. april kl. 12.30 vert
det elevrådsmøte på rom nr. 2 i gamlebygget. Det er viktig at alle
møter. Innkalling til møtet finn du
her ... |
 |
Bedrock Bluesband på Gloppen Scene
(19.03.07)
Torsdag 29. mars spelar
Bedrock Bluesband på
Gloppen Scene. Fart og humør, tøff blues, men også med mange innslag
av funk, rock, jazz m.m.
Les meir ... |
 |
"Drøymestipend" til Camilla og Jostein?
(22.03.07)
Fylkesmønstringa i
UKM gjekk av stabelen med 450 deltakarar sist helg. "Nystemt
Urban Kreativitet" med Firda-elevane Camilla Hole og Jostein Avdem
Fretland vart nominert til "Drøymestipendet"
til Norsk Tipping.
Vi gratulerer!
|
 |
Bilde frå Carmina Burana (22.03.07)
Geir Skagen har lagt ein heil del
bilde frå Carmina Burana ut på Eurofoto. For å sjå bilda, laste dei
ned eller bestille papirbilde -
klikk her! |
 |
Flott grisefest for russen
(21.03.07)
Sist fredag arrangerte dei
tilsette på Firda den tradisjonelle grisefesten for russen. Aulaen var
var fint pynta og langbord dekka til fest. Det vart middag, taler,
song, underhaldning frå scena, polonese og
dans.
Les meir ...
|
 |
1
Drama viser Åfferdea?
(19.03.07)
”Åfferdea?” handlar
om sivil ulydnad og retten til å stille spørsmål. Ein skal ikkje utan
vidare bli undertrykt og automatisk underkaste seg autoritetane, i
staden skal ein protestere på det ein syns er gale.
Les meir ...
|
 |
3
Drama viser barne- og ungdomsteater
(07.03.07)
I neste veke vil elevar i 3 Drama vise to ulike teater-stykke:
Det fjerde bud av Michael Ramlöseog
Jenta i treet av Staffan
Göthe. Dette er to produksjonar som dei 11 elevane har jobba med sidan
januar.
Les meir ....
Plakat ....
|
 |
Oddbjørn tok gull på
fem-mila!!!
(05.03.07)
Etter først å ha teke VM-gull i
stafetten avslutta Oddbjørn VM med gull på fem-mila! Ein fantastisk
prestasjon som er høgst fortent og vi gratulerer! Oddbjørn gjekk ut på
idrettslinja på Firda i 1991.
Les meir i
Bergens Tidende og på
Gloppen kommune sine nettsider.
Les om kjende ski-profilar frå Firda.
|
 |
Vidar til landsfinalen i alle realfaga (05.03.07)
Vidar Klungre (3AAA) vart nummer
tre i 2. runde i Abelkonkurransen (matematikk-OL)
og nr. 5 i informatikkolympiaden. Han er dermed
kvalifisert til landsfinalen i alle dei fire
realfaga. Ein fantastisk prestasjon - vi
gratulerer! Les
meir ...
|
 |
Carmina Burana i Firdahallen 10. mars (20.02.07)
Over 250 aktørar er med under
oppføringa av det store verket "Carmina Burana" i Firdahallen 10.
mars. Oppsetninga er eit samarbeidsprosjekt mellom Sogn og
Fjordane symfoniorkester, Førde kammerkor og Firda vidaregåande
skule. Les meir ....
Plakat ....
|
 |
Firda vgs fylkesmeistrar i handball (23.02.07)
Etter å ha banka laget frå Stryn
vgs 11-3 vart
gutane frå Firda fylkesmeistrar i handball onsdag.
Dei var heilt suverene på vegen fram mot finalen, og slo Årdal
like suverent i semifinalen.
Les meir ....
|
 |
DVD
frå haustfesten til sals
(21.02.07)
Bergheim Media, ei av ungdomsbedriftene
ved skulen, har i lengre tid jobba med å lage DVD av fjorårets
haustfestprogram. Den kan no tingast for kr.
90
her.
Sjå også reklamefilm,
bilde og meir informasjon.
|
 |
Gloppen Scene torsdag 22. februar
(20.02.07)
Torsdag er det Gloppen Scene og
IKKJE Open Skule. Fleire band frå Firda spelar og du kan ete så mykje
tacos du vil for kr. 85. Så møt opp!!! |
 |
Ungt
entreprenørskap - fylkesmesse
(19.02.07)
Torsdag 15.februar var 50
ungdomsbedrifter frå fylket samla til mønstring i Førde. To bedrifter
frå Firda vart best i sine klassar - beste webside og beste rekneskap.
Les meir ....
|
 |
2DDA ser stjerner
(19.02.07)
Som del av naturfaget var heile 2. klasse
dans/drama ute i 14 kuldegrader natt til fredag 9. februar og såg på
stjerner. Rektor på Austrheim skule var velvillig og lånte ut skulen
til observatorium.
Les meir ... |
 |
Vidar til topps i fysikk
(16.02.07)
Vidar Klungre (3AAA) vart best i
landet med 24 poeng av 24 moglege i 2. runde i fysikk-OL,
og er no klar for landsfinale. Vi
gratulerer! Han er også blant dei 16 beste i landet som går til
landsfinalen i kjemi. Les
meir .... |
 |
Open Firdahall torsdag 8. mars (15.02.07)
Klasse
3IDA arrangerer open hall torsdag 8. mars for firdaelevar, lærarar og
10. klassingar. Det vert turnering i fotball og
volleyball og ope basseng. Dørene opnar kl. 20.00.
Les meir ..... |
 |
Val
av programfag på VG2
(13.02.07)
Elevane på VG1 skal no velje
programfag for neste skuleår. Elevar i 1STA må også velje mellom
programområda realfag, samfunnsfag/økonomi og språkfag.
Les meir om fagvalet her .... |

Foto: Inger H.
Aske Lothe |
Firdaelevar på kongeleg jubileum
(07.02.2007)
Med eit bunadskledd brudefølgje på
kring 65 personar på slep, skal Kristine Mardal
(3IDA) og Ole Vegard Hage (3AAA),
vere kveldens brudepar i festforestillinga til ære for
70-årsjubilantane Kong Harald og dronning Sonja
fredag 23. februar.
Les meir ....
|
 |
Loveleen Brenna - Kunnskapsløftet
(07.02.2007)
Foreldre og skuletilsette i
Gloppen er hjarteleg velkomne til å høyre Loveleen Brenna snakke om
”Kunnskapsløftet sett frå foreldra sin
ståstad”.
Aulaen Firda vgs onsdag 14. februar kl. 19.00.
Les meir ....
|
 |
Skibuss til Utvikfjellet tysdagar
(06.02.2007)
Skibuss til Utvikfjellet frå Stilstova kl
17.00 tysdagar. Retur
frå utvikfjellet kl. 21.00.
Pris kr. 40
pr. person. Bussen går
første gong tysdag 6. februar.
Arrangør er Gloppen Ungdomsråd. |
 |
Val
av programfag på VG2
(06.02.2007)
Det er snart tid for elevane på dei studieførebuande
utdanningsprogramma på VG1 å velje programfag på VG2. Det er no viktig
for kvar enkelt å velje rett. Vil du finne ut meir om innhaldet i dei
ulike faga så gå inn på
læreplanane. Førebels blokkskjema som viser kva fag du kan velje
på Firda finn du her ....
|
 |
Flott russerevy
(26.01.07)
Firdarussen presenterte ein flott
revy på premieren 25. januar. Tittelen
"Firda liv og
dikting", er ikkje heilt ulik
tittelen på ein nyleg utkomen biografi
om Jakob Sande , og han vart difor
også ein gjennomgangsfigur i revyen. Vi gratulerer
russen! Les meir ...
|
 |
Russerevyen 2007 (23.01.07)
Torsdag 25. januar
er det premiere på årets russerevy
"Firda liv og dikting".
Tradisjonen tru tek revyen opp det
som russen er oppteken av i kvardagen med
ein humoristisk vri.
Les meir og sjå bilete ... |
 |
Gloppen Scene - suksess
(23.01.07)
Samarbeidet mellom kommune, Norsk
Country, Bluesklubben, Gloppen hotell og Firda vgs har gått
fint, - nok ein vellukka kveld på Gloppen
Scene torsdag 18. januar. Bluesklubben laga
Quiz, og etterpå spelte eit band med elevar frå 3. klasse musikk.
Les meir ...
|

 |
Vi
er i gong
(04.01.07)
Endeleg er vi i gong med utbygginga av Trivselshagen. Første fase er
bygging av ny veg nedanfor skulen. Det er Norsand AS frå Eid som har
denne entreprisen og vegen skal vere ferdig til 15. mars. |
 |
Juleavslutning på Firda
(21.12.06)
Torsdag 21. desember var det
skuleavslutning på Firda med eit variert program samansett av dans- og
drama-framføringar, instrumentalinnslag, allsong, korsong, helsing frå
rektor og juleevangeliet. Sjå bilete her ... |
 |
3HPA på Fjordhestgarden
(19.12.06)
Som ein del av kroppsøvingsfaget har
Ola Bergheim, saman med nokre av elevane i 3HPA vore på Fjordhestgarden
for å prøve seg på riding. Korleis dette gjekk og fleire bilete frå
turen finn du her ... |
 |
Gratis datahjelp! (13.12.06)
Elevar og tilsette kan no få gratis
brukarstøtte på Microsoft program og OpenOffice. Firda vgs er
registrert brukar og du kan få hjelp og meir informasjon om tenesta
ved å klikke på link under
Ut i verda
til venstre på denne sida, eller gå direkte til
http://www.ntnu.no/skolehjelpen/.
|
 |
Commedia
dell'arte i 2. drama
(08.12.06)
2. drama har i lenger
tid jobba med Commedia dell´arte. Dette er
ei teaterform som oppstod
på 1500-talet i Italia. Den er ganske ukjend
i dag, men historisk sett er det den teaterforma
som har halde seg levande
lengst. Les
meir....
|
 |
Nattopen Firdahall 8. desember
(29.11.06)
3IDA arrangerar nattopen hall fredag
8. desember for firdaelevar, lærarar og 10. klassingar.
Dørene opnar kl. 22.30 og vi held på
til vi har kåra vinnarane av turneringane.
Les meir ... |
 |
Elevar dansar for skuleborn
(22.11.06)
Danseelevane på Firda vidaregåande
skule øver for tida iherdig. Om kort tid skal dei nemleg vitje fleire
av barneskulane i Gloppen med forestillinga ”Julegave”. – Vi gler oss,
seier to av dansarane, Marte Halse og Ingrid Hjohlman Reed.
Les meir ....
|
 |
Firda-elevar på musikkoppdrag
(21.11.06)
Musikklina er stadig ute på tur med
innslag på ulike arrangement. Den siste tida har det vorte fleire
turar til Førde og Loen. Måndag 20. november deltok "Ljod" og dei tre
sopranane i 3MFA på konferansen om "Naturfag til glede og nytte" på
Alexandra. Les meir ..
|
 |
Sjå
(på) meg! (14.11.06)
Ekshibisjonisme er trongen til å bli
sett. Denne trongen driv mange til å gjere ting som før ville vore
utenkjeleg, berre for å få merksemd. Det å
vere kjendis i dag, er eit mål for mange. Og vegen dit er ikkje like
lang som før. Men er behovet for å bli sett i dag det same som før
eller har det utvikla seg med tida? Sjå plakaten og meir om 3. drama
si førestilling her ...
|
 |
Flott haustfest på Firda
(13.11.06)
Elevane i 2. klassane
arrangerte laurdag den tradisjonelle haustfesten på Firda. Mariel
Eikeset Mundal (biletet) heldt talen. Elles var det som vanleg mykje
godt program, flott musikk, mat og dans.
Les meir og sjå bilete
her... |
 |
Q-film festivalen 16. - 18. november
(09.11.06)
Torsdag 16.
november opnar den tradisjonelle Q-film festivalen med elevane
i klasse 3MKA som arrangørar. Omtale av festivalen,
filmar, Q-pris fest, tider og billettprisar
finn du her.... |
 |
Firda - OD gav 95.000 kroner
(10.11.06)
Rekneskapet for OD er snart klart.
Det viser at Firda-elevane fekk inn omlag kr. 95.000, noko som er
10.000 meir enn ifjor. 303 elevar, dvs. 86% av elevane på skulen
deltok i OD. Vi gratulerer Firda-elevane med flott innsats! Ei
spesiell takk til OD-komiteen med Jostein Avdem Fretland i spissen
for godt arbeid!
|
 |
Vi
treng UngdomsBedrifter som kan
jobbe med:
Kulturoppdrag
(10-15 min innslag til
årsmøter, klubbkveldar, kurs, temakveldar, private arrangement
etc…)
Web-publikasjon
(drifting av web-side, sal av annonser etc...)
Sal av ulike produkt
(homeparty andre stader enn Sandane)
Les meir
her...
|
 |
Operasjon Dagsverk - Viktig melding!
(23.10.06)
Fredag 27. oktober er det Operasjon
Dagsverk ved Firda. Det er svært viktig at alle veit korleis ein
melder seg på, kva ein skal hugse på OD-dagen og korleis ein skal
betale inn pengane til OD-komitéen på skulen. Alt du treng å vite om
dette finn du
her .... |
 |
Internasjonal dag
(05.10.06)
Det vert Internasjonal Dag ved Firda
torsdag 19. oktober (første halvdel av dagen). Dette vert ein "Kick
Off" for Operasjon Dagsverk
som ved Firda går fredag 27. oktober. Alle elevar og lærarar er
velkomne til å delta på dagen! Programmet
finn du her ... |
 |
Rådgjeving på nett
(28.09.06)
Det er no oppretta eit rom i
Classfronter som heiter Rådgjeving på nett. Her er det høve til
å kontakte rådgjevarane ved å sende
personlege meldingar. De kan også kontakte rådgjevarane på vanleg
e-post. Adressene er:
turid.hilde@sfj.no for elevar på MDD og AF/STA og
turid.korterud@sfj.no for
elevar på ID, MK, HS og IKT. |
 |
Læremiddel og leksehjelp
(26.09.06)
Utdanning.no er ein gratis og
reklamefri nettstad, eigd av Kunnskapsdepartementet.
Utdanning.no tilbyr Norges
største samling av digitale læremidler med over 5000 øvingar, digitale
kurs, videoklipp, bilete, animasjonar, spel og nettsider.
Kunnskapsministeren har
skrive brev til elevar, foreldre
og lærarar om dette tilbodet.
Les brevet her ...
|

|
Mariell Øyre ny elevrådsleiar
(20.09.06)
Elevrådet ved Firda vart konstituert tysdag 19. sept. Mariell
Øyre 1MKA vart vald til leiar. Med seg i styret har ho Benedicte
Solbakken Hamre 3MFA (nestleiar), Monica Solheim 2MFA (sekretær) og
Linn Katrine Fivelsdal 3DAA (styremedlem). Sjå tillitselevar og
varatillitselevar med bilde
her, og meir om val til andre råd og utval
her. |


 |
Elevutveksling med Tyskland og Spania
(11.09.06)
Tysdag 12. og onsdag 13. kjem 20 elevar frå
I.E.S. Cervantes, Madrid, og
12 elevar frå
Käthe-Kollwitz-Schule,
Kiel, til Firda på elevutveksling. Dei skal vere her til 23.
september. Til våren skal elevar frå Firda på gjenvisitt til Spania og
Tyskland.
Program for opphaldet får du ved å klikke på flagga.
|
|

|
Kronprinsparet i Gloppen
(07.09.06)
Onsdag 6. september vitja
kronprinsparet Gloppen kommune. Ved kulturarrangementet på
Heradsplassen var elevar frå musikk, dans og drama med og underheldt.
Vidare gjekk turen til "Kvia" i Breim, der dei fekk lunch og
informasjon om "grøn omsorg". Her tek kronprinsparet farvel med
vertskapet i "Kvia", Marit og Jon
Moldestad.
Les meir og sjå bilete ....
Sjå film laga av 2MKA ....
|
 |
Ni
UM-medaljer til Firda-elevar
(28.08.06)
Elevar frå Firda tok med seg tre gull
og seks sølv under UM på Byrkjelo i helga. Trude Raad likte seg på
heimebane, og tok gull på både kule, slegge og diskos. Medieelevane
ved Firda vgs var med heile helga og laga
videoreportasjar frå stemnet.
Les meir ...
|
|
 |
Trygt heim for ein 50-lapp
(28.08.06)
Fylkeskommunen startar opp igjen
tilbodet med "Trygt heim for ein 50-lapp". Dette gjeld natt til
søndagar og første gong 27. august. Ordninga vil gjelde ut inneverande
skuleår. Les meir her .... |
|

Klikk her for årsplan |
Skulestart
hausten 2006
(31.07.06)
VG1-elevar
(1. klasse) møter i Aulaen måndag 21. august kl. 08.30. Elevar på VKI og VKII
møter kl. 12.00.
Lærarane møter onsdag 16.
august kl. 08.30.
|
 |
Avslutning av
skuleåret
(22.06.06)
Torsdag 22. juni var siste skuledagen
ved Firda vidaregåande skule før sommarferien. På tradisjonelt vis
vart dette markert med avslutningshøgtid i Aulaen med kulturelle
innslag, markeringar, oppsummering av skuleåret og takketaler.
Les meir ...
|
|
 |
Gloppen
Musikkfest 3.-6. august
(19.06.06)
MOZART, BLUES OG BALKANBOOGIE er
tittelen på Gloppen Musikkfest 3.-6. august. Her vert det eit rikt
utval på konsertar med kjende utøvarar, Jan Erik Vold les dikt og det
vert fotballkamp mellom STIL og Musicians United. Les meir her:
www.gloppenmusikkfest.no.
|

|
Kjøp og sal av bruktbøker (06.06.06)
Som ifjor vil bokhandelen (Eikenæs
Libris) ta inn brukte lærebøker for vidaresal til nye elevar. Du
leverer bøkene på bokhandelen før sommarferien og får overført pengane
til din konto i slutten av september.
Les meir ...
|
|

Foto: UKM |
Invension nr. 1
spelar i "Spikarsuppa"
(29.05.06)
Som nemnt tidlegare kvalifiserte "Invension
nr. 1" frå Firda seg til landsfinalen i UKM. Under landsmønstringa i
Trondheim i helga vart dei saman med fire andre grupper honorert med
speleoppdrag i "Spikarsuppa".
Les meir.. |
|

Foto: Berit Aasebø Hauge
|
Feltdag i
naturfag
(24.05.06)
Våren er tida for feltdagar i naturfag. Då forlet elevane klasserommet
utrusta med mellom anna spade, termometer, lysmålar og ulike
hjelpebøker for å studere samanhengen i ulike økosystem.
Dette året drog 3 MKA til Åsane,
innanfor Lote.
Les meir + bilde... |
|

Foto: Geir Skagen |
Russefrukost på Firda
(16.05.06)
Siste skuledag før 17.mai er det
tradisjon at russen på Firda inviterer lærarar og andre tilsette til
russefrukost på skulen. Såleis også i år. Russepresident Martin Westvik ønskte velkomen til
bords - og så var det berre å forsyne seg. Vi takkar russen for ein fin
frukost!
Les meir..
|
Streikefare?
(16.05.06)
Det pågår mekling mellom KS og Utdanningsforbundet. Vi veit pr i dag
ikkje kva konsekvensar dette kan få og kan difor ikkje vurdere i kva
grad det er fare for streik på vår skule. Vår oppmoding er at alle
elevane jobbar som om skuleåret avsluttast normalt. Skulen vil
fortløpande halde elevane informert om kva som skjer.Du
kan halde deg oppdatert her (klikk på logoane):
 
|
Siste vekene av skuleåret
(15.05.06)
Frå 22. mai og ut skuleåret vert det ein
del endringar i den ordinære timeplanen på grunn av eksamen og
førebuing til eksamen. I utgangspunktet skal undervisninga gå som
vanleg når ein ikkje har fri på grunn av eksamen og førebuing/fri i
forkant av eksamen. Les meir om desse siste vekene
her.
|
|

|
Ny handlingsplan
for internasjonalisering
(15.05.06)
Handlingsplanen for internasjonalisering er oppdatert. Du finn den ved
å gå inn på
Planar/utviklingsarbeid i menyen til venstre, eller ved å klikke
her. |
 |
Firdastafetten
2006 - 55 år
(03.05.06)
Firdastafetten vart i år arrangert for
55. gong. Den har utvikla seg frå ein tradisjonell stafett til leik og
moro for Gloppen ungdomsskule og Firda vgs, men framleis er
konkurranseånda med. Vinnarar i år vart 9C i ungdomsskuleklassen
(5.05) og 2IDA (4.38) i vgs-klassen. Også Firda-lærarane leverte ein
solid innsats med 5.17 og ein heiderleg 6. plass.
Sjå bilete og les meir her.
Fotograf: Charlotte Østebø Nilsen
|

|
"Smårips" nr. 1
i NM for ungdomsbedrifter
(02.05.06)
Ungdomsbedrifta
"Smårips" frå Firda, vann i helga klassen for beste kultur- og
underhaldningsinnslag på Nasjonal Messe for ungdomsbedrifter på
Lillestrøm. Vi gratulerer!
Vi gratulerer også ungdomsbedrifta "Ljòd" for flott plassering.
Les meir om "Smårips" her ...
|

Sjå og høyr dei spele i
Aulaen i februar ved å klikke her.
Foto: Geir Skagen |
Invension nr 1
til landsfinalen
(24.04.06)
På fylkesfinalen i "Ungdommens
kultur-mønstring" i Førde i mars kvalifiserte Invension nr. 1 frå
Firda seg til
landsfinalen i Trondheim 25.-27. mai. Dei som er med i gruppa er
Nils Wie Børsheim, Simen Hallset, Anders Olav Ese , Svein
Inge Bjørkedal og Per Håkon Oftedal.
Vi gratulerer og ynskjer dei lukke til i landsfinalen!
|
|

|
Firdarussen på nettet
(21.04.06)
Firdarussen har sitt eige domene
www.firdarussen.com og har no
kome på "lufta" med programmet for russetida. Etter kvart vil her også
kome meir informasjonsstoff om russen og deira aktivitetar. Du finn
nettsida her.
|
|

Atle og Vidar |
Atle og Vidar OL-klare også i
fysikk
(08.04.06)
Fredag 7. april deltok Atle Rygg Årdal og
Vidar Klungre i landsfinalen i fysikk i Oslo. Igjen leverte dei ein
kjempe-innsats, Atle vart nr. 3 og Vidar nr. 5 i finalen. Dei kan no
velje og vrake om dei vil til matematikk-OL i Slovenia ellere
fysikk-OL i Singapore.
Les her kva
dei har bestemt seg for!
|
 |
Fysikk-topp på Firdabesøk
(06.04.06)
Fysikkprofessor Kristian Fossheim ved
NTNU var denne veka tilbake med føredrag på Firda, 50 år etter at han
sjølv gjekk ut ved skulen. Han er i verdstoppen innan fenomenet
"superleiing" og heldt denne veka førelesing for fysikk-elevane ved
skulen og naturfaglærarar frå heile Nordfjord.
Les meir
... |
 |
Barneførestillingar
suksess! (27.03.06)
Elevar på grunnkurs musikk, dans, drama har
under Firdafestivalen gjennomført fem førestillingar for
barnehageborn på biblioteket. Nærare 100 born har vore innom og
sett framføringane og tilbakemeldingane har vore gode. Les
meir + bilde frå førestillingane ... |
|

Foto: Geir Skagen
|
Kjempefin
opningsførestilling (23.03.06)
Onsdag 22. mars starta Firdafestivalen 2006
med hovudkonserten "I've Got Rythm". Musikklinekor,
solistar og dansarar deltok. Ei kjempefin førestilling. Du finn
bilde frå førestillinga og link til Eurofoto med høve til å
tinge papirbilde her. |
 |
Viktig melding: Lytt på
radio! (20.03.06)
Slå på radioen i morgen, tysdag 21.
mars, kl 20.00:
2MKA skal ha direktesending på Nordfjord Nærradio!
Du finn radioen på frekvensen 104,35 MHz. |
 |
Firdafestivalen 2006 er
klar! (16.03.06)
Vi kan no invitere til ein ny
Firdafestival i komande veke. Elevar og lærarar har i lengre tid
førebudd programmet, som er blitt svært bra. Det er stor
spennvidde i framsyningane, og vi vil ynskje alle hjarteleg velkomne til gode opplevingar. Les
meir .... |
|

Atle, Vidar, Espen
|
Kjemperesultat i
Abel-finalen (10.03.06)
Torsdag 9. mars av det landsfinale i
Abel-konkurransen i matematikk (matematikk-OL). Elevane frå Firda
gjorde ein kjempeinnsats og enda på 3., 4. og 9. plass. Vi
gratulerer nok ein gong med flott innsats! No er Atle klar for den
internasjonale finalen i Slovenia i juli. Les
meir ... |
|

|
FURORE i Aulaen tysdag
(09.03.06)
Tysdag i møtetimen kjem representantar frå
Sparebanken Sogn og Fjordane og presenterer ungdomsmagasinet
"Furore" i Aulaen. Dei vil vise interessante historier og
framtidsperspektiv for ungdom her i fylket. Les meir på www.furore.sf.no.
Alle elevar må møte i Aulaen kl. 11.55! Les
brosjyre her! |
 |
Tverrfagleg
Hamlet-framsyning (09.03.06)
3EN har i vinter arbeidd med
Shakespeare, og avslutta nyleg med ei framsyning av skodespelet
Hamlet for eit lite publikum. Drama har lånt
ut instruktør og kostyme, Idrett har late elevane bruke
gymnastikktimar til fektetrening og Medium og kommunikasjon
har laga både DVD og ein kort reportasje frå framsyninga. Du kan
sjå reportasjen ved å klikke å klikke her. |
 |
Fugleinfluensa -
informasjon (08.03.06)
Kunnskapsdepartementet har i samarbeid med
veterinær- og helsestyresmaktene sendt ut informasjon til alle
skular og barnehagar om fugleinfluensaen. - Fugleinfluensa er
ikkje påvist i Norge. Skular og barnehagar vert likevel oppfordra
til å lære om denne dyresjukdomen på førehand for å vere
best mogleg førebudd viss den blir påvist her. Les
meir...
|

Foto: Per Ingebrigt
Karbø |
Handballjentene
uslåelege (020306)
Onsdag 1. mars var det i Førde kvalifisering
for NM i handball for vidaregåande skular her i fylket. Jentene
frå Firda var uslåelege og vann alle sine kampar. I finalen slo
dei Flora 12-6 og er no kvalifiserte for sluttspelet i Oslo.
Vi gratulerer! Klikk på bildet for større versjon. |
|

Atle og Vidar
|
Finalistar også i
fysikk-OL (270206)
Som dei einaste i fylket gjekk Vidar Klungre
og Atle Rygg Årdal også til landsfinalen i fysikk. Dei er to av 18
som kom til landsfinalen. 3.-7. april skal dei til treningsleir og
landsfinale ved Universitetet i Oslo. Dei fem beste derifrå går
til internasjonal finale i Singapore til sommaren.
Les
meir ... |
|

|
Ljód og Smårips til
ungdomsbedrift-NM (170206)
Både «Smårips» og «Ljód» er vidare til NM for
ungdomsbedrifter. På fylkesmessa i Førde
fekk «Ljód» pris for beste kulturinnslag. Frå
Firda stilte Smårips og Ljod, medan InMediasRes gjorde opptak
av messa for arrangørane. Les meir ... |
|

Atle, Vidar, Espen
|
Firda suveren i
Abel-konkurransen (15.02.06)
For andre år på rad er Firda suveren i
Abel-konkurransen i matematikk. Av 3940 deltakarar har Firda (som
ifjor) fått tre av dei 21 som går til landsfinalen. Ingen annan
skule i landet har meir enn ein deltakar i finalen. Les
meir her! |
|

|
Innskjerping av
parkeringsforbod (08.02.06)
Siste tida har fleire større lastebilar med
varetransport til skulen ikkje kome seg forbi i svingen ved
rektorbustaden på grunn av feilparkerte bilar. Dette har skapt mykje irritasjon og ført til
at lensmannen frå og med 13. februar vil gjennomføre regelmessige
kontrollar av parkeringa. |
 |
Mariel fekk
Ungdommens Kulturpris (07.02.06)
I samband med Ungdommens Kulturmønstring
i Aulaen laurdag fekk Mariel Eikeseth Mundal 3MFA tildelt Ungdommens
Kulturpris. Mariel har vore og er framleis svært aktiv på mange
felt som t.d. haustfestsjef, revysjef, dirigent i Ten Sing, instruktør
for barneparti i Gloppe dans- og ballettskule, jentekor, Opera
Nordfjord m.m. Vi gratulerer med prisen! Les
meir her ... |
Gled deg til Gloppen Musikkfest (03.02.06)
Du kan gle deg til Gloppen Musikkfest til sommaren.
M.a. kan du få sjå og høyre pianisten Sveinung
Bjelland og stjernesopranen Isa
Gericke. Les omtale av Bjelland på www.ballade.no.
Firdaavisa (for 10-klassingar) (27.01.06)
Elevane på Medium og kommunikasjon har laga ei
flott informasjonsavis om Firda vidaregåande skule og tilboda her. Avisa
er laga med tanke på dei som er i ferd med å velje vidaregåande
utdanning. Klikk her for å sjå den
(ca. 10 MB).
Russerevyen 2006 (27.01.06)
Kva skjer eigentleg bak dørene på lærarrommet,
hjå Avinor og hjå køyrelærarane i Gloppen. Det har russerevyen av
året prøvd å finne ut av. Svaret vart morosamt. Sjå bilete frå
russerevyen her.
Elevundersøkinga 2006 (25.01.06)
Utdanningsdirektoratet
gjennomfører i vår fire
undersøkingar i skulen. For vidaregåande skule er det berre
undersøkinga blant elevar på grunnkurs som er obligatorisk. Dette er
same undersøkinga som tidlegare vart kalla "Elevinspektørene".
Klikk her
for informasjon om undersøkinga til elevar og foreldre. Klikk her
for å logge deg på undersøkinga (brukarnamn vil du få tildelt av
lærar).
Vinn tur til New York og FN + rundtur i USA?
(20.01.06)
Odd Fellow Ordenen i Norge lyser ut stilkonkurranse
om FN sitt arbeid. Ein representant frå Sogn og Fjordane skal på
grunnlag av stil + intervju veljast ut til ein to vekers tur til USA til
sommaren. Deltakarane må vere 16-17 år. Er dette av interesse for deg
så les meir her.
Nye retningslinjer for IL-tid (16.01.06)
I mange klassar har ikkje ordninga med IL-tid
fungert tilfredsstillande. Etter drøftingar med elevråd og lærarar har
rektor no gitt nye retningslinjer for IL-tid for våren 2006. Les
meir...
Ledige stillingar for dramalærar og realist
(15.01.06)
Frå 1. mars har vi ledig stilling for faglærar i dramafag og frå 18.
april er det ledig eit årsvikariat i matematikk og naturfag på
grunnkurs. Les meir ...
Informasjon om Kunnskapsløftet (05.01.02)
Viss du ynskjer nærare informasjon om
Kunnskapsløftet (den nye skulereforma), finn du ein fin
Powerpoint-presentasjon her
(ca. 2,5 MB). Du finn også mykje informasjon om vidaregåande opplæring
på nettstaden www.vilbli.no.Du finn
link til denne også i menyen til høgre på denne sida.
 |
God Jul! (20.12.05)
Vi ynskjer alle elevar og tilsette på Firda
og i Firdahallen ei retteleg God Jul! Første skuledag for elevar
etter jul er tysdag 3. januar. For lærarane er det planleggingsdag
måndag 2. januar. |
Arve Henriksen fekk Buddy-prisen (15.12.05)
Tysdag 13. desember vart trompeteren,
multikunstnaren og tidlegare Firda-elev, Arve Henriksen, tildelt
Buddy-prisen for 2005. Buddy-prisen vert gitt til ein musikar som både
har utmerka seg som utøvar og som har betydd mykje som pådrivar for å
betre jazzen si utbreiing. Det er ein pris som heng svært høgt. Les
meir.
Resultat Operasjon Dagsverk (02.12.05)
Resultatet frå OD i år vart omlag kr. 90.000 og
292 elevar (80%) deltok. Ifjor var tala noko høgare med kr. 100.000
innsamla midlar og 89% deltaking. Dei beste klassane i oppslutning var
1MDB og 2MKA, der alle elevane deltok. Flott! Takk til OD-komiteen og alle
elevane som deltok for god innsats!
 |
Nye nettsider om
internasjonalisering (01.12.05)
Vi har fått nye nettsider om
internasjonalisering. Førebels er det utvekslingsprosjektet med
Kiel som er med, både med norsk og tysk tekst. Etter kvart må vi
også få ei side om Firda på fleire språk.Sjå
dei nye sidene her. |
Skuleruta neste skuleår (17.11.05)
Skal du planlegge ferie o.l. i løpet av neste
skuleår? Då er det greitt å vite når det er ferie og fridagar i løpet
av dette skuleåret. Dette finn du her.
Veit du kven som sit i elevrådet? (15.11.05)
Vi har no laga ei elevråd-side som viser
tillitselevar og varatillitselevar med bilde. Du finn den ved å gå via
Elevråd-linken oppe til venstre, eller ved å klikke her.
Flott haustfest (13.11.05)
Elevane i 2. klassane arrangerte laurdag 12.
november den tradisjonelle haustfesten ved skulen med program,
matservering og dans. Det var ein flott fest med gode musikk-, dans- og
revyprestasjonar og med professjonell lyd og lyssetting. Marion Solheim,
tidlegare Firdaelev, no kjend frå radio og TV, var kveldens talar over
temaet "ung kjærleik". Bilde frå festen her.
Vi takkar 2. klassingane for ein flott fest!
Ny søkemotor "Sesam"
(13.11.05)
Der har kome ein ny norsk søkemotor, SESAM, som reklamerar med at den
finn "akkurat det du vil ha og ikkje alt muleg anna". Du kan
søke på nyhende, bedrifter, personar og bilde, og velje om du vil søke
berre i Norge. Link er lagt ut i høgre kant.
 |
"Ljod"
og "Clapton's" på Alexandra (08.11.05)
Firdaelevar underheldt på
rådgjevarkonferansen på Alexandra tysdag 8. november. Dei hausta
mykje ros for framføringane. Klikk her
for å sjå bilde av dei to gruppene. |
Hugseliste Operasjon Dagsverk
(26.10.05)
Fredag 28. oktober er det Operasjon Dagsverk. Klikk her
for hugseliste.
Ungdomsbedrifter - stipend og registrering
(24.10.05)
Det hastar å få registrert
ungdomsbedriftene i løpet av oktober. Les meir om dette her.
Du kan finne informasjon om tildeling av stipend
til ungdomsbedrifter her. Hugs alltid linken til ungdomsbedrifter oppe
til venstre på denne sida.
Internasjonal dag på Firda (20.10.05)
Torsdag 20. oktober var det Internasjonal Dag på
Firda. Dagen starta med samling i Aulaen der ein fekk sjå ein
bakgrunnsfilm for OD-prosjektet,
som i år har fokus på menneskehandel i Brasil. Det vart vidare
informasjon om OD-dagen og sang av gruppa "Ljòd". Deretter vart
elevane delt inn i grupper som arbeidde med ulike aktivitetar. Etter
matfriminuttet vart det igjen vanleg skule.
Elevrådet med eiga epostadresse (06.10.05)
Elevrådet har no fått si eiga epostadresse firda.elevraad@gmail.com.
Bruk denne når du har saker du ynskjer å ta opp med elevrådet. Du finn
også adressa på elevrådet si side på nettet (sjå menyen oppe til
venstre).
|

|
3MKA i klatreveggen (03.10.05)
Måndag i veke 39 var elevane i 3MKA på
klatrekurs i klatreveggen på folkehøgskulen på Vereide. Dette var
ei spennande oppleving som dei også kan anbefale for andre. Sjå
fleire bilde og les klassen sin kommentar her. |
 |
Ungdomsbedrift - vegen vidare
(28.09.05)
Det kom inn mange gode forslag etter KickOff i
aulaen 16.september. Firda har mange elevar med idear og energi til
å starte opp ungdomsbedrift – og det er flott!!! No skal vi
arbeide vidare med dei som er interesserte. Du finn link til UB-sida
her og under Skulen
oppe til venstre.
|
|
|
 |
2HPA spelar golf (28.09.05)
Tysdag 27. september nytta 2HPA godveret til
eit kurs i golf. Dette er ein relativt ny sport på våre kantar og
no fekk både Pål Asbjørn (bildet) og dei andre i 2HPA prøve
dette ut saman med instruktøren Didrik Eide. Fleire bilde her. |
Bilde frå Kiel-besøket (22.09.05)
Program og bilde finn du her.
Elevar frå Kiel besøkjer Firda (15.09.05)
Torsdag 15. september kjem 16 elevar og 2 lærarar
frå Käthe Kollwitz
Schule i Kiel på besøk til Firda vidaregåande skule. Dei skal delta
i undervisninga på skulen, på Open Skule på kveldstid og på fleire
utflukter. Program og bilde finn du her.
 |
Kick Off - ungdomsbedrift (15.09.05)
Fredag 16. september er det temadag med "kick off" for
satsing på ungdomsbedrift og entreprenørskap på Firda.
Fellessamling i Aulaen 08.30-13.00 og deretter klassevis samling i
klasseromma for elevane og på personalrommet for lærarane. Sjå
fullstendig program her. |
SV og SP vinnarar i skulevalet på Firda
(06.09.05)
Omlag 81% av elevane på Firda deltok i skulevalet
tysdag 6. september. SV og SP var dei store vinnarane med omlag 36% av
røystene kvar. Berre ei røyst skilde desse partia. Både for
Arbeidarpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Framskrittspartiet var
det eit svært skuffande val. Ingen av desse fekk over 5% av røystene. Sjå
heile valresultatet her.
|

Foto: Geir Skagen
|
Planleggingsdag
med Britt Neumann (31.08.05)
Fredag 19. august hadde Firda vgs felles
planleggingsdag saman med grunnskulen i Gloppen. Det er tredje
gongen alle lærarane i kommunen møtest ved skulestart, for felles
påfyll og inspirasjon.
Brit Neumann sto for ein inspirerande og innhaldsrik kursdag der
temaet var: Korleis skape gode læremiljø i skulen?
Les meir her.
|
Skulestart hausten 2005 (09.08.05)
Planleggingsdagar for lærarane startar onsdag 17.
august kl. 08.30.
Elevar på grunnkurs møter måndag 22. august kl. 08.30.
VKI og VKII elevar møter måndag 22. august kl. 12.00.
 |
Ove Eide pedagogisk leiar (09.08.05)
Ove Eide er tilsett som pedagogisk leiar på Firda.
Skuleåret 2005-2006 har han fått 80% permisjon frå stillinga m.a. på
grunn av engasjement i Utdanningsdirektoratet som sekretær for
læreplanarbeidet i norsk. (Foto: Geir Skagen) |
Pedagogisk leiar - ledig stilling (16.06.05)
Ved Firda vgs er det ledig stilling som pedagogisk
leiar frå 01.08.2005. Du finn meir informasjon arbeidsoppgåver,
kvalifikasjonar og søknadsfrist her.
Bruktboksal via bokhandelen (16.06.05)
I år vil Eikenæs Interbok ta imot bruktbøker frå
elevane for vidaresal. Eleven leverer bøkene i butikken og fyller ut eit
skjema. Seinast 30. september får eleven overført pengane frå salet.
Bøker som ikkje vert selde må hentast eller vert makulert. Les meir om
ordninga her.
Mellombels elevråd til hausten (14.06.05)
I samråd med elevrådet vil vi ta oss litt meir tid
denne hausten til informasjon om elevrådet sitt arbeid og val av
tillitselevar. Elevombodet, Venke Nordeide, vil kome og orientere om
elevrådsarbeid og etter at nytt elevråd er på plass vil ho kome og
halde kurs for elevrådet. Les meir om dette på elevråd-sida.
 |
Kjell Arnestad
ny rektor (03.06.05)
Kjell Arnestad er tilsett som ny rektor ved
Firda vgs frå 1. august. Han er i dag pedagogisk leiar på skulen.
I samtale med internavisa FirdaVG ser han føre seg to viktige oppgåver
som ventar - det eine er å fullføre Trivselshageprosjektet, og det
andre er kompetansereforma. Vi gratuler med jobben og ønskjer han
velkomen som rektor!
|
 |
Skulebesøk frå
Kiel (31.05.05)
Firda har denne veka besøk av Petra Seyfert
og Reinhold Thohde frå Käthe-Kollwitz-Schule
i Kiel. I samband med besøket var dei
to saman med ein del av kollegane på Firda på tur på Breimsvatnet
måndag 30. mai. Les meir om besøket og turen på Breimsvatnet her. |
Skuleruta neste skuleår (26.05.05)
Skuleruta for neste år (dvs. oversikt over
skulestart/skuleslutt og ferie og fridagar) finn du her: skulerute.
 |
Russefrukost på Firda (16.05.05)
Etter tradisjonen inviterer russen på Firda
lærarar og andre tilsette til frukost siste skuledag før 17. mai.
Slik også i år. Det var ein flott frukost med alt tilbehør. Stor
takk til russen for dette tiltaket. Sjå bilder frå frukosten her. |
www.ung.no (11.05.05)
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har laga ein
nettstad for ungdom der du kan finne alt om dine rettar, mulegheiter og
plikter. Det er lagt inn link til denne nettstaden i høgre kant på denne
sida. Sjå kva denne sida har av informasjon til deg ved å klikke på www.ung.no.
 |
Firdastafetten 2005 (02.05.05)
Firdastafetten vart arrangert på tradisjonelt
vis av 3IDA fredag 29. april. Frå å vere ein tradisjonell stafett
med deltaking av idrettslag frå store delar av fylket, har det
utvikla seg til ein morosam kappestrid med deltakarar frå Gloppen
ungdomsskule og Firda vidaregåande skule. Bilde frå stafetten finn
du her (fotograf: Geir
Skagen). |
Bjarte nr. 8 i fysikk-OL (19.04.05)
Bjarte Lofnes Hauge vart nr. 8 i landsfinalen i
fysikk. Gratulerer med ein flott prestasjon! På grunn av at tre av dei
som var før han på lista har valt å delta i matematikk-OL, fekk Bjarte
tilbod om å delta i fysikk-OL i Spania. Han har likevel valt å satse på
kjemi-OL i Taiwan. Som de hugsar så vann han landsfinalen i kjemi. Les
meir om realfagskonkurransane her.
 |
Firdarussen med eiga
heimeside (12.04.05)
Russen ved Firda har fått si eiga heimeside www.firdarussen.com.
Russen må sende inn framlegg til russenamn, bilde og anna
informasjon som bør vere med. |
Flott
storbandkonsert på Firda (04.04.05)
For første gong på mange år har Firda igjen
hatt sitt eige storband. Under leiing av Per Inge Hove framførte
dei i kveld ein flott konsert som det verkeleg svinga av. Bilde frå
konserten kan du finne her. |

|
 |
Bjarte Lofnes
Hauge til topps i kjemi-OL! (18.03.05)
Bjarte Lofnes Hauge vann i dag den norske
kjemi-olympiaden og er kvalifisert til den internasjonale finalen i
Taiwan til sommaren. Saman med 15 andre finalistar var han
denne veka på kurs ved Universitetet i Oslo. Kurset vart avslutta
med landsfinale i Kjemi-OL. Bjarte fekk 75 poeng medan næraste
konkurrent hadde 71,5 poeng. Vi gratulerer!
Les meir om finalane i matematikk, fysikk og kjemi her! |
Eksamensplanen på nettet (10.03.05)
Eksamensplan for våren 2005 er no lagt ut på
nettsidene. Du finn link oppe til venstre på denne sida, eller du kan
klikke her.
Flott Grisefest
på Firda (07.03.05)
Fredag 4. mars arrangerte dei tilsette på
Firda den tradisjonelle grisefesten for russen. Som så mange gangar
før vart det ein fin fest med god mat, gode taler og
programinnslag, og til slutt dans. Takk til russen for at de var med
og gjorde dette til ein flott fest. Om du vil sjå eller kjøpe
bilde frå festen så klikk her.
Fotograf er Anders Gimmestad Gule. |
 |
 |
Firdafestivalen
2005 (04.03.05)
Musikk/dans/drama saman med innleigde krefter,
har i perioden 9. - 12. mars eit fyldig program med konsertar,
drama- og danseførestillingar. Det er variert tilbod i ulike
sjangrar og for alle aldersgrupper. Programmet for festivalen finn
du her (PDF-fil 1,6 MB). |
Nytt
astronomikurs på Firda (28.02.05)
Fire tysdagskveldar kl. 20 - 22 vert det
astronomikurs på rom nr. 25 på Firda vidaregåande skule.
Kursstart 15. mars. Sjå meir om kurset her
og her. |
 |
 |
Firda på toppen i
realfags-OL (17.02.05)
Tidlegare har vi fått vite at Firda er på
topp i landet i Abel-konkurransen i matematikk og nr. 4 i den norske
delen av kjemi-OL. No har også Bjarte Lofnes Hauge gått til topps
i den norske delen av fysikkolympiaden. Det betyr at han skal delta
i alle dei tre landsfinalane innan realfaga. Dette er ein utruleg
sterk prestasjon. Les meir her
om alle dei tre konkurransane og kven som representerer Firda. |
Høyringsutkast nye læreplanar (17.02.05)
Høyringsutkast til nye læreplanar for dei
gjennomgåande faga vart lagt ut på nettet 16.02.05. Her finn du alle
utkasta samla i eitt dokument: http://skolenettet.no/upload/12059/Laereplan_hoeringsutkast_150205.doc
NB! Ikkje skriv ut heile dokumentet!
Mange på ekskursjon (14.02.05)
I veke 7 er omlag halvparten av elevane på Firda
på ekskursjon. 3. klassane er i Praha og 2. klassane fordeler seg på
ekskursjonar til Berlin, Paris og Barcelona. For elevane som er igjen på
skulen vert det difor eige opplegg med eigen timeplan i denne veka.
Endra reglar for IL-tid etter
vinterferien (10.02.05)
Etter vinterferien vert ordninga med IL-tid
noko justert. Dei fleste fag som har avgitt ein time til IL-tid vil
få eit "fagrom" ein
time pr. veke der elevar i faget kan gå og få tilrettelagt
undervisning. Informasjon om "fagrom",
oversikt over klassen og lærarane
sine IL-timar finn du her.
|
 |
 |
Danseførestillinga
"Draum" (31.01.05)
VKI Dans har hatt framføring av
danseførestillinga "Draum". Bilde frå førestillinga
finn du her. |
LanBase 2005 på Firda (28.01.05)
IKT Driftsfag arrangerer datatreff i aulaen 11.-13.
februar. Treffet er ope for alle. For informasjon og påmelding kan
interesserte gå inn på web-sida www.lanbase.org.
Flott russerevy (28.01.05)
Årets russerevyen var ein av dei beste på
fleire år. Innslaga var varierte og krydra med god sang og musikk. Der
var tradisjonelle sketsjar med m.a. gode parodiar på lærarar, gode
dansenummer, imponerande filminnslag, både tradisjonell film med
”spooky” overgangar, men også gode animasjonsfilmar. Les meir her!
 |
Russerevy på Firda (26.01.05)
"Vi Som Går Igjen" er namnet på
revyen som russen set opp i aulaen torsdag og fredag. Årets revy er
prega av at russen har 100-års jubileum i år…
Kom og sjå!! Les meir her! |
Nasjonale prøver - brosjyre (26.01.05)
Utdanningsdirektoratet har laga ei brosjyre
med informasjon om Nasjonale Prøver til elevar og føresette. Denne finn
du ved å klikke her. Førebels har
boikott-aksjonane ikkje fått det omfang ein venta, i alle fall ikkje i
grunnskulen. Korleis det går på Firda får vi vite i morgon.
|

Eli Johanne Mjellem
og Liss Rafsol |
Skulepolitisk
dag på Firda (18.01.05)
Tysdag 18. januar var det skulepolitisk dag
på Firda. Først var det fellessamling for elevar og lærarar i
Aulaen, deretter temadiskusjonar i klassane og for lærarane. Det
var fokusert på viktige tema som gjeld alle elevar i skulekvardagen.
Dei to ansvarlege, Eli Johanne Mjellem (elevrådsleiar) og Liss
Rafsol (elevorganisasjonen) leia dagen på ein god måte. |
Yahoo - endring (16.01.05)
Yahoo.no vert ikkje lenger drifta, berre Yahoo.com.
Linken på denne sida er endra tilsvarande. Hugs at ved å klikke deg inn
på Preferences på Yahoo og registrere deg som Yahoo-brukar, kan du velje
m.a. norsk språk. Då vert tenesta omlag som før.
Firda evakuert etter gassutslepp
(07.01.05)
Fredag føremiddag vart elevar, lærarar og andre
tilsette ved Firda evakuert på grunn av utslepp av ammoniakk i Sandane
sentrum. Det same galdt store deler av sentrumsområdet. Elevar og
tilsette ved Firda evakuerte til ungdomshuset "Gimle" som ligg
på Austrheim ca. 2 km nord for skulen. Dei fleste gjekk langs E39 og vart
etter kvart transportert i bilar som gjekk i skytteltrafikk. Etter knappet
to timar kunne evakueringa avblåsast og elevane transporterast
tilbake til skulen med buss.
Ny utgåve av UFD-aktuelt (03.01.05)
Nyheitsbrev frå Utdannings- og
forskningsdepartemnetet. Nytt nummer finn du her.
Hugs at du har link til desse nyheitsbreva under Aktuelt frå UFD
til venstre på denne sida.
Fylkesatlas på nett (10.12.04)
Fylkesatlas
er ei teneste frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen i Sogn
og Fjordane. Her kan du zoome inn på den delen av fylket du vil sjå
nærare på og du kan finne informasjon om kulturminne, gardar, støylar
og mykje meir. Merk at der er også ei meir avansert utgåve av kartet som
du kan velje øverst til venstre. Link til Fylkesatlas er lagt til venstre
på denne sida under "Ut i verda".
"INKJE SETT, INKJE HØYRT" i Aulaen (06.12.04)
3. klasse drama inviterar til eigenprodusert
forestilling med lokal forankring torsdag 9. desember klokka 19.00 i
aulaen på Firda vidaregåande skule. Klikk her
for å lese meir om kva denne forestillinga handlar om.
Firda-elevane samla inn over 100.000 på OD (06.12.04)
Resultatet frå Operasjon Dagsverk i haust er no
klart. På Firda vart det rekord med kr. 104.708 (98.900 ifjor). 321 av
362 elevar deltok i OD, dvs. 89% (88% ifjor). Klasse 3HPA var utplassert
og deltok ikkje. Beste klassar i oppslutning var 2AAA og 3AAA der
samtlege deltok. Klart beste elev var Ingeborg Stige (3IDA) som åleine
samla inn kr. 6.600 på sal av CD'ar (ifjor samla ho åleine inn 2.300 som
gatemusikant). Gratulerer Ingeborg! Takk også til OD-komiteen for godt
utført arbeid!
 |
Bilete frå "Eit
juleeventyr" (29.11.04)
VKI Drama hadde sist veke fleire framsyningar
av "Eit juleeventyr" av Charles Dickens. Det var ei flott
førestilling med mange gode prestasjonar. Regien var ved Gunn Tone
Moen og fotograf på framsyninga 25/11 var Geir Skagen. Klikk her
for å sjå bilde frå framsyninga.
Bilde på Eurofoto finn du her. |
MDD-elevar
underheldt på Alexandra (11.11.04)
9. november var 8 elevar frå
musikk/dans/drama på Alexandra hotell i Loen og underheldt ved
opninga av den store rådgjevarkonferansen som var der. Klikk på
bildet for å få det i større utgåve.(Fotograf: Trygve Apalset). |
 |
 |
Eit juleeventyr (Charles
Dickens) (09.11.04)
2. klasse Drama ved Firda vidaregåande skule
framfører 24.-25. november førestillinga "Eit
Juleeventyr" av Charles Dickens. Les meir om førestillingane,
rollelister og om Charles Dickens her.
Bilde på Eurofoto finn du her. |
Astronomikurset på Firda (09.11.04)
Neste kurskveld er torsdag 18/11 kl.
20.00-22.00. Dette er like etter topp-punktet for meteorsvermen Leonidane,
så dersom veret vert bra, vil vi gå ut og observere leonider timen
etter kurset. |
 |
UFD-Aktuelt på nettet (04.11.04)
Utdannings- og forskingsdepartementet sender frå
tid til anna ut eit nyhendebrev med informasjon om nyhende i
departementet. Mykje av dette gjeld skuleverket. Desse nyhendebreva vert
no lagde ut på nettet og gjort tilgjengeleg for interesserte. Klikk på Aktuelt
frå UFD under "Ut
i verda" til venstre på denne sida, der finn du nyhendebrevet
med lenke også til tidlegare utgåver av Aktuelt.
 |
Open skule også torsdager (27.10.04)
Frå veke 45 vert tilbodet med Open
skule utvida til også å gjelde
torsdagar. Då vert det open skule
frå kl. 19.30 - 24.00. Les meir om open
skule her.
|
Astronomikurs på Firda (08.10.04)
På Firda vgs vert det halde kurs i amatørastronomi
med Ottar Sande og Runar Sandnes som kursleiarar. Kurset er ope for alle interesserte, og
deltakarane får kursbevis etter fullført kurs. Første kurskveld er
allereie ferdig, men kurset held fram i slutten av oktober (neste
kursdag er torsdag 21/10 kl 20-22). Les meir om
kurset her (Word-format).
|
 |
 |
Son Dos &
Sass konsert i Aulaen (07.10.04)
Onsdag 20. oktober kl. 20 vert det konsert med
Son Dos & Sass i Aulaen. Der kan du bli med på eit gneistrande
møte mellom kubanske rytmar, engelsk eleganse og amerikansk trøkk!
Les meir om Son Dos & Sass her! |
Program for Q-film festivalen 18.-20. november
(05.10.04)
No er programmet
for festivalen klart! No kan du også sjå programmet som har
vore vist på tidlegare Q-film festivalar! Klikk her!
Ledig vikariat i dramafag (01.10.04)
Frå 1. januar har vi ledig 90% vikariat i dramafag
på studieretning for musikk, dans og drama. Les meir her.
Sharp 9 på Firda 6. oktober (30.09.04)
Jazzorkesteret Sharp
9 er på vitjing til Sandane og Firda.
Onsdag 6. oktober held dei konsert i Aulaen og torsdag har dei seminar med
elevane på musikklinja. To tidlegare Firda-elevar - Helge Sunde og Børge
Are Halvorsen - er med i det 9-manns store orkesteret. Les meir om Sharp
9 og konserten på Sandane her.
Val av OD og ID - komité (17.09.04)
Elevrådet har valt komitear for Operasjon Dagsverk
og Internasjonal Dag. Du finn dei valde medlemmene i desse komiteane her.
Val av russestyre (17.09.04)
Russen har halde allmøte og valt medlemmer av
russestyret. Russepresident vart Guro Hjelle 3IDA. Oversikt over heile
styret finn du her.
Filmfestival 18. - 20. november (13.09.04)
Den årlege Q-film
festivalen går av stabelen 18. - 20. november. Klikk her
for nærare informasjon. Nettsida vert oppdatert etter kvart som
programmet er klart.
Val av elevråd (02.09.04)
Elevrådet, som består av alle tillitselevane ved
skulen, har hatt møte og valt styre. Eli Johanne Mjellem 3MFA vart vald
til leiar og med seg i styret har ho Synnøve Lill Paulen 1AAA, Ragnhild
T. Solberg 2MFA og Åsta Marianna J. Urdal 2DRA/DAA. Sjå oversikt over
tillitselevar og andre val her.
Besøk frå Italia (31.08.04)
Torsdag 2. september kjem 17 italienske elevar og to av lærarane deira
hit til skulen, og skal vere her i nesten to veker. Det gjeld eit
EU-finansiert samarbeidsprosjekt om bruken av vassdrag og respekt for
vatnet som ressurs. Sjå bilde av elevane, les meir om besøket og sjå
aktivitetsplanen for opphaldet her.
Skulestart hausten 2004 (21.06.04)
Torsdag 12. og fredag 13. august er det
planellegingsdagar for lærarane. Elevane startar måndag 16. august.
GK-elevar kl. 08.30 og VKI/VKII-elevar kl. 12.00. Årsplanen for komande
skuleår finn du her.
Boklister (21.06.04)
Boklister for neste skuleår er lagt ut her.
I nokre fag er det enno ikkje heilt avgjort kva bok som skal brukast og
dette er merka i boklistene. Desse bøkene bør du ikkje kjøpe før
skulestart.
Timeplanen direkte på web (08.06.04)
Vi har no fått direkte tilgang til alle timeplanar
(klasse, lærar, elevar, rom) på web via Novaschem sin webviewer. Klikk
på "Timeplanar" i menyen oppe til venstre og du går direkte
til webviewer, velg type og timeplan.
Runde-ekskursjon (19.05.04)
Elevar som skal på 2BI-ekskursjon til Runde må
lese informasjon her!
Undervisning siste vekene (13.05.04)
I dei siste vekene av skuleåret vil det bli litt
endring i undervisninga som følgje av eksamensavvikling. Plan for
undervisninga i alle klassar i veke 22-25 finn du her!
Russen 1984 - 20-års jubileum
(26.04.04)
Firdarussen 1984 skal ha 20-års jubileum i oktober.
Les meir her.
”Kultur for læring”
(15.04.04)
Viss du er interessert i å lese meir om
regjeringa si nye stortingsmelding nr. 30 (2003-2004) ”Kultur for læring”,
så klikk her.
Viss du også ynskjer å sjå video av Kristin Clemet sin presentasjon av
meldinga kan du klikke her.
"Min
draumepappa" (01.04.04)
2DRA viser dette stykket 15. og 16. april.
Stykket, som er eit resultat av prosjektveka i 2DRA, tek
utgangspunkt i "Vildanden" av Henrik Ibsen. Les meir.
Nokre bilde frå framsyninga finn du her. |

|
 |
Lanbase - på Firda 26. -
28. mars (29.03.04)
IKT-klassen på Firda arrangerte i helga sitt
andre datatreff i løpet av skuleåret: Lanbase 2004 - Second
Edition. Omlag 100 ungdomar deltok på treffet i Aulaen. Du finn
meir informasjon om datatreffet her www.lanbase.org. |
"Italian and Norwegian
Waterways" (24.03.04)
I perioden 26. mars til 8. april er 19 elevar og 3 lærarar
på tur til Ascoli Piceno i Italia. Prosjektet er finansiert over
Comenius-programmet og med tilskot frå Ung i Sogn og
Fjordane. Les meir her.
Utlyste stillingar ved Firda
(24.03.04)
Skulen har no lyst ut fleire ledige stillingar frå
hausten av. Les meir om dei utlyste stillingane ved å klikke her.
 |
Duke-konsert i
Vereide kyrkje (18.03.04)
Musikklinja på Firda, med kor og orkester,
arrangerer Duke Ellington konsert i Vereide kyrkje fredag 26. mars
kl. 20.
Sjå plakaten for konserten her!
|
 |
West Side Story på Firda (17.03.04)
1MDA har hatt West Side Story som prosjekt -
sjå meir her! |
 |
Flott grisefest på Firda
(16.03.04)
Sist fredag arrangerte dei tilsette på Firda
grisefest for russen. Festen var tradisjonell med pent antrekk, bordtaler,
"aftenunderholdning" frå scena og deretter dans. Det vart igjen
ein flott fest! Du finn bilde og meir om festen ved å klikke her. |
 |
Anders Klungre til
matematikk-OL i Athen (15.03.04)
Før helga var det norsk finale i matematikk
(Abel-konkurransen). To av dei 20 som kom til landsfinalen kom frå
Firda (Anders Klungre og Knut Rygg). I landsfinalen kom Anders på
ein flott 3. plass, noko som sikra han plass i den internasjonale
matematikk-olympiaden i Athen i juli. Gratulerer! |
Idrett og U-land (12.03.04)
Fire elevar i 3ID hadde Idrett og U-land som tema
for oppgåva i prosjektveka. Dei har no laga ein flott web-presentasjon av
prosjektet. Vil du sjå prosjektet så klikkar du her: http://www.stilfotball.no/pof.
"Lær å røyke" i
Aulaen onsdag 17. mars (09.03.04)
Som ein "kick off" på det
haldningsskapande arbeidet mot røyking, vert det framsyning av
førestillinga "Lær å røyke" i Aulaen onsdag 17. mars kl.
09.25. Framsyninga er for elevar og lærarar og det er selskapet
"Tekst&Musikk" som framfører. Elevane møter direkte i
Aulaen.
Gloppeneventyret på nett (09.03.04)
Ola Alexander Lilloe-Olsen og Hans-Marius Føleide i 3IT har som tverrfagleg prosjekt i
prosjektveka laga nettstaden "Gloppeneventyret". Dette har blitt
fine og innhaldsrike sider, så skal de marknadsføre Gloppen må de
gjerne vise til desse
sidene.
Firdaelevar til landsfinalen i
fysikk (02.03.04)
Knut Rygg og Anders Klungre frå 3AAA gjekk vidare
frå 2. runde i fysikkolympiaden i år og vart mellom dei 20 som går
vidare til landsfinalen. Dette betyr at 10% av dei som deltek i
landsfinalen kjem frå Firda. No siktar dei seg inn mot treningsleir ved
Universitetet i Oslo i slutten av mars og håpar på å kome til den
internasjonale finalen i Sør-Korea til sommaren. Les meir om dei to
fysikarane her!
Moro med matte (27.02.04)
I samarbeid med grunnskulen startar Firda ein
kursserie i matematikk for foreldre. Du kan der lære dei mest
grunnleggande emna i matematikk og bruk av kalkulator, slik at du vert i
stand til å hjelpe borna dine. Les meir om tilbodet her.
Utviklingsplanen på nettet (03.02.04)
Firda sin utviklingsplan er ferdig og sendt inn til
opplæringsavdelinga. Her kan du lese
planen.
Russerevyen "Mens
vi ventar" (29.01.04)
Firdarussen 2004 viser russerevyen "Mens
vi ventar" i Aulaen torsdag 29. og
fredag 30. januar, begge dagar kl. 20.00. Billettpris kr. 100. (Barn u/12
år og russ kr. 50). Nytt sjansen og få med deg ein ny flott russerevyen!
Elevinspektørane
(12.01.04)
Våren 2004 blir nettstaden Skoleporten.no
opna. Skoleporten.no vil ha opplysningar om alle skulane i Noreg og gjer
skuleinformasjonen lettare tilgjengeleg. Vi vil mellom anna få vite meir
om kva slags resultat elevane oppnår, korleis elevane trivst på skulen,
og kor mykje ressursar som går med. Skoleporten.no vil òg innehalde ein
støtte- og rettleiingsdel som kan brukast i utviklingsarbeidet på
skulane. For å hente inn informasjon om skulane og læringsmiljøet vil
nettstaden Elevinspektorene.no
verte nytta. Informasjonsskriv til elevar og føresette om dette finn du
ved å klikke her.
Bildealbum frå Nabonissane (16.12.03)
No er bildealbum frå "Nabonissane" lagt
ut på nettet klikk her
for å gå til nabonisse-sida der du finn link vidare til fotoalbum.
"Nabonissar" i
Frislidlada (09.12.03)
Teaterframsyninga
“Nabonissane” handlar om to nabonissefamiliar, Svingenissane og Bakkenissane,
som har vore uvener i over tre
hundre år. Dei strevar hardt med å kome overeins med kvarandre, men ungane
deira møtes i skjul om natta for å leike.
Stykket
er basert på fleire bøker, blant anna ”To nissar” av Geirdis Bjørlo.
Stykket vert framført av 2Drama og Gunn Tone Moen har regien. Du finn
meir omtale av stykket her
saman med program
for framføringane.
Dataundersøking mellom Firda-elevar
(03.12.03)
Sabine Exner og Ola Bergheim har gjennomført ei undersøking av
datainteresse, datavanar og datakompetanse mellom GK-elevar ved Firda.
Klikk her for å
sjå heile resultatet av undersøkinga.
"Vrengt"-bilde på nett
(02.12.03)
I veke 48 viste 3Drama stykket "Vrengt"
som dei både hadde laga og framførte sjølve. Her
finn du fire bilde frå framsyninga + link til fotoalbum med 60 bilde frå
dette stykket. Der kan du også tinge dine eigne papirutgåver av bilda.
Godt resultat på Operasjon
Dagsverk (20.11.03)
Rekneskapet for OD er klart og viser at elevane på Firda dette
året samla inn kr. 98.988. Dette er det beste resultatet nokon gong.
Ifjor var resultatet kr. 91.939. Pengane går i år til
"Utdanning for fred" på Sri Lanka og dette skjer i samarbeid
med Utviklingsfondet. I alt 319 elevar på Firda (88%) deltok. Vi takkar
OD-ansvarleg Line Lervik Midtbø (3MFA) og alle Firda-elevane som deltok
for ein flott innsats. Ei spesiell TAKK også til Ingeborg Stige som
åleine samla inn kr. 2.300 som gatemusikant på Sandane Senter.
Jubileumsskrift - 75 år - "Meir
enn ein skule" (18.11.03)
Jubileumsskriftet som vart laga i samband med skulen
sitt 75-års jubileum "Meir enn ein skule" er no lagt ut på
nettet. Det ligg som ein PDF-fil på ca. 1,8 Mb. Du kan opne
jubileumsskriftet ved å klikke her.
Q-film filmfestival 20. - 22. november
(11.11.03)
Elevane på Medium og Kommunikasjon arrangerer også i år stor
filmfestival for ungdom. Festivalen går på Sandane 20.-22. november.
Informasjon om festivalen, program, trailers m.m. finn du her!
Haustfesten på Firda (03.11.03)
Laurdag vart den tradisjonelle haustfesten arrangert
på Firda med underhaldning, tale, mat og dans. Vi takkar haustfestsjefen,
Isabel Grindheim, og alle 2. klassingane for ein fin fest.
Lantreff på Firda 21. - 23.
november (31.10.03)
IKT-linja på Firda inviterer til stort datatreff i
Aulaen ved Firda vidaregåande skule 21. - 23. november. Gutar betalar kr.
250 for å delta, men for jenter er det heilt GRATIS!!! Les meir om
datatreffet på deira eigne nettsider www.lanbase.org.
Realfagskulen (29.10.03)
Norsk næringsliv ønskjer å styrke elevane sine
kunnskapar i realfag, og tunge aktørar står bak "Realfagskolen"
(www.realfagskolen.no). Her får ein m.a. eit gratis tilbod i matematikk
der ein både kan lære matematikk, men også vinne fine premiar. Les meir
om tilbodet og Alberts matematikkstige her!
Operasjon Dagsverk (23.10.03)
Elevane på Firda med ID-leiar Ingvill Storøy (1ID)
i spissen arrangerte 22. oktober Internasjonal Dag her på skulen. Line
Lervik Midtbø (3MF) er leiar for Operasjon Dagsverk som går fredag 24.
oktober. Ho melder om stor deltaking i OD - det vert berre ca. 3% av
elevane som ikkje deltek. Desse vil få andre oppgåver å arbeide med på
skulen.
Vellukka yrkesmesse på Sandane
(21.10.03)
Firda vidaregåande skule, i samarbeid med Gloppen
kommune og Gloppen Næringsorganisasjon, arrangerte tysdag 21. oktober
yrkesmesse i Firdahallen og på Nordfjord folkemuseum. Omlag 450
10.-klassingar frå heile Nordfjord var målgruppa for messa. Etter vår
vurdering var messa vellukka. Sjå bilde frå messa her.
Firda-elev til "Baltic Way
2003" (20.10.03)
Anders Klungre frå Firda hevda seg godt i
Abel-konkurransen i matematikk med ein 8. plass i landsfinalen sist vår.
Han er no utteken på landslaget (fem elevar) som skal representere Norge
i matematikkonkurransen "Baltic Way" i Riga, Latvia, i byrjinga
av november. Vi gratulerer Anders med plass på laget.
Første IKT-fagbrev på Firda (26.09.03)
Ivar André Ekehaug gjekk i første klassen på IKT
driftsfag på Firda. Dei siste to åra har han vore lærling her på
skulen. Sist veke var han opp til fagprøva og bestod med glans. Vi
gratulerer!
Magne Raundalen på Firda (15.09.03)
"Det
viktigaste i ein god oppvekst" er tittelen på eit føredrag som
barnepsykolog Magne Raundalen skal halde under eit storforeldremøte i
Aulaen på Firda vidaregåande skule tysdag 16. september kl. 19.00. I
tillegg vil også leiar i foreldreutvalet i grunnskulen (FUG), Hilde
Sundve Jordheim, snakke om dei utfordringane foreldrene møter i forhold
til skulen. Les meir her.
Firda med i inneklimaprosjekt
(11.09.03)
I samarbeid med Forskningsdagane, Læringssenteret
og Nettverk for Miljølære, skal Firda vere med i eit inneklima-prosjekt
der ein skal måle konsentrasjonen av karbondioksid (CO2) i klasserom. Les
meir her!
SP og SV vinnarane av skulevalet
på Firda (04.09.03)
Senterpartiet og SV knuste dei andre partia i
skulevalet på Firda med 52% og 25,1% av røystene. Fullstendig resultat
og link til dei offisielle internettsidene med valresultat frå skulevala
i heile landet finn du her!
Eksamensplan for våren (04.09.03)
Eksamensplan for sentralgjeven eksamen er no lagt ut
på nettet. Du finn den her!
Val av elevråd m.m. på Firda (03.09.03)
I går vart elevrådet ved Firda konstituert og
Lisbet Kolnes Humlestøl 3MFA vart vald til elevrådsleiar. Elles er det
stort sett jentene som dominerer ved alle val. Du finn meir om elevråd og
andre val her!
Gåve frå Firdarussen til
krisesenteret (07.08.03)
Firdarussen 2003 gjev kr. 26.000 til
Krisesenteret i Sogn og Fjordane. Dette er pengar dei har fått inn ved
ein aksjonsdag + overskot frå russerevyen. Flott gjort av russen!
Boklister for 2003/2004 på
nettet (19.06.03)
Boklister for komande skuleår er lagt ut på nettet
du finn dei her.
Innlevering av norskbøker i 3.
klassane (19.06.03)
Elevane i 3. klassane har norskbøker som er lånt ut av skulen. Dette
gjeld Tekst og tanke - lærebok og litteraturbok. Desse bøkene må
leverast inn på biblioteket snarast.
Skulestart til hausten
(16.06.03)
Grunnkurselevar startar måndag 18. august kl. 8.30.
VKI og VKII - elevar startar måndag 18. agust kl. 12.30. Frammøte i
Aulaen.
Siste skuledag (16.06.03)
Avslutninga på skuleåret vert i Aulaen fredag 20.
juni kl. 8.30.
Det blomstrar på Firda
(05.06.03)
På Firda har vi mange fine tre og plantar omkring
på skuleområdet. Eitt av dei er det som møter deg først når du kjem
opp Firdavegen til skulen. Dette er eit blomstrande japansk kirsebærtre
som var gjeve som gåve til skulen av Firdarussen 66 i samband med 25-års
jubileet i 1991. Klikk her for å sjå
treet i full blomst (fotograf: Geir Skagen).
Takk til russen! (18.05.03)
Frå mange kantar av landet høyrer vi om at russen
har stått bak bråk og hærverk. Her på Firda har vi i år hatt ei
bortimot eksemplarisk russefeiring. Under folkefesten i Jølet 17. mai
avslutta dei med gode underhaldningsinnslag og ei flott russetale. Takk
til russen for dette!
Flott russefrukost! (18.05.03)
Også i år arrangerte Firdarussen frukost for seg
sjølv og dei tilsette 16. mai. Dette har blitt ein fin tradisjon. Les
meir om russefrukosten her!
Ledige stillingar (30.04.03)
Vi har frå 1. august ledige stillingar innan medium
og kommunikasjon, dramafag, musikk og engelsk/spansk. Du finn meir
informasjon om dei ledige stillingane her.
Eksamensplan på nettet
(25.04.03)
Oppe til venstre finn du link til eksamensplan.
No finn du også kva dag du får melding om trekkfag. Klikk her
for meir info.
Bilde frå festivalveka?
(08.04.03)
Geir Skagen har teke over 200 bilde frå
jubileumsfestivalen. Du kan gå inn på Fotoalbum på festivalsidene
og sjå bilda, og du kan tinge dei du måtte vere interessert i å ha.
Vellukka festivalveke
(07.04.03)
Jubileumsfestivalen for musikklinja vart ein stor
sukssess. Mest alle dei 20 konsertane og framsyningane i løpet av
festivalen gjekk for fulle hus og nær 3000 personar var innom dei
ulike arrangementa.
Presseomtale - "Spelemann
på taket" (31.03.03)
FIRDA: http://www.firda.no/fritt_fram/article562873.ece
"Spelemann"
suksess (31.03.03)
Premieren på "Spelemann på taket" markerte
starten på jubileumsveka for musikklinja ved Firda vidaregåande skule.
Det vart ein kjempesuksess. Med ca. 80 aktørar på scena, 20 i orkesteret
og 400 i ein fullsett sal vart det ei uforgløymeleg oppleving.
Ekstraframsyning "Spelemann
på taket" (21.03.03)
Det vert ekstraframsyning av "Spelemann
på taket" måndag 31. mars kl. 19 i Aulaen.
Billettar kr. 150 kan kjøpast i resepsjonen Gloppen heradshus eller
kontoret Firda VGS frå tysdag 25. mars.
Les meir om festivalen her!
Filmfestival 21. - 23. mars
(07.03.03)
Studieretning for Medium
og kommunikasjon ved Firda vidaregåande
skule arrangerer, i samarbeid med fritidsleiar Kjersti Rønningen i Gloppen
kommune, filmfestival på Sandane 21. - 23- mars. Les meir om
festivalen her!
Jubileumsfestivalen på nett!
(06.02.03)
30. mars – 6. april går den store
jubileumsfestivalen på musikklinja av stabelen. Her vert ei rekkje
store og små arrangement. Informasjon om festivalen finn du her
eller ved å klikke på rulletekseten ovanfor. Sidene vil verte
oppdaterte etter kvart.
Studieøkta fredag 31. januar -
tilbod i tysk (29.01.03)
Rettleiing i bruk av
gramm.diskettar og ressurssider på Internett. Tilbodet gjeld alle
tyskelevar. Les meir om tilbodet her.
Informasjon
om studieøkter (15.01.03)
Under menyen Skulen oppe til venstre på
denne sida finn du no ein link til Studieøkter.
Her finn du all informasjon om studieøktene
som reglar, instruks for lærar, ledige rom etter timeplanen, årsplan med
studieøkter og timeplanar for både klassar, rom og lærarar.
Studieøkter igjen frå 23.
januar (13.01.03)
Det vert igjen innført studieøkter for alle
klassar frå 23. januar. Første økt vert torsdag 23. januar etter
langfriminuttet. Denne dagen skal alle møte i sitt faste klasserom
og det vert ikkje fråværsføring på grunn av
at karakteroppgjer for 1. termin går parallelt. Vidare følgjer
studieøktene årsplanen og
då skal ein møte etter timeplanen.
Les meir om reglane
for studieøkter ved å klikke her.
Handlingsplan mot rus (13.01.03)
Rådgjevarar, leiing og elevråd har i haust arbeidd
med ein handlingsplan mot rus ved Firda. I desember var planen også lagt
ut til høyring blant andre tilsette. I fellesmøte mellom leiing og
elevråd 13. januar vart planen vedteken. Du finn planen her: http://firda.vgs.no/handlingsplan_mot_rus.htm.
Hugs veke 3 (09.01.03)
Tysdag
Heildagsprøve 2IT, 3MOR + nokre elevar i 3BI.
4-timars prøve i 2EN og 2FY (1.-4. time).
Klassestyrarforum i midttimen.
Onsdag - torsdag
Tverrfagleg heildagsprøve 2IKT.
Fredag
Siste dag 1. termin.
Ny callingsentral (09.01.03)
Har du merka at kvaliteten på callinganlegget er blitt mykje betre? Dette
kjem av at vi installerte ny sentral i anlegget i romjula!
Godt resultat på Operasjon
Dagsverk (26.11.02)
Elevane ved Firda arbeidde inn mest kr. 92.000 på
Operasjon Dagsverk i haust. Dette er 20.000 meir enn på OD ifjor!
Gratulerer!
Vellukka haustfest (11.11.02)
Laurdag arrangerte 2. klassane den årvisse
haustfesten og mellom 400 og 500 elevar, foreldre og lærarar var møtt
fram. Programmet var flott med ny teknologisk vri og talaren,
dagrevyreportar Ole Eivind Henden, traff blink med talen der han tok opp
svært aktuelle problemstillingar, og med høveleg veksling mellom skjemt
og alvor.
Vi takkar 2. klassane for vel gjennomført haustfest!
Stor skulekonferanse (05.11.02)
Framtidsskulen - i Gloppen. Konferanse om
læringsløp, kvalitet og pedagogikk.
Kinosalen, Gloppen ungdomsskule, måndag 18. november kl. 10.00-13.00.
Inleiarar:
Astrid Søgnen (skuledirektør i Oslo, leiar av Kvalitetsutvalet)
Rolf Reikvam (leiar av kyrkje-, undervisnings- og
forskningskomiteen)
Hans Peder Vibe (fylkesdirektør for opplæring)
Oppsummering v/Anders Ryssdal (ordførar i Gloppen)
Nytt frå Ottars hjørne
(04.10.02)
Ottar Sande er ute med ny artikkel i Ottars
hjørne: Avskoginga
er med på å gjere klimaet varmare.
WEB-konkurranse (26.09.02)
Det er 50 år sidan Norge starta med
utviklingshjelp. I samband med dette er det utlyst ein konkurranse i å
lage web-sider. Fokus er FN sine tusenårsmål, dei åtte måla for
utvikling og reduksjon av fattigdom som statsleiarane i verda har
blitt samde om. Les meir her http://www.norad.no/2015/.
Tilgang til NORART-databasen
(19.09.02)
NORART er ein av nasjonalbiblioteket sine databasar
på internettadressa http://www.nb.no/baser/norart/,
der du kan søkje etter artiklar i tidsskrift/årbøker. Det er berre
referansen til artikkelen du finn her, som t.d. tittel på artikkelen,
namn og nummer på tidsskrift o.s.v. Du kan også bestille utskrift av
artiklane. Du treng brukarnamn og passord for å kome inn på databasen.
Dette finn du ved å gå inn i ClassFronter, klasserommet Felles
informasjon, klikke på Arkiv og NORART-dokumentet.
Diverse val i elevrådet
(12.09.02)
No er elevrådet for inneverande skuleår klart og
dei har hatt sitt første møte og konstituert seg. Mari Heggheim 3MFA er
ny leiar i elevrådet. Elevrådet har også gjort fleire val av
representantar til ulike nemnder og utval. Les meir her!
WEB-konkurranse (26.09.02)
Det er 50 år sidan Norge starta med
utviklingshjelp. I samband med dette er det utlyst ein konkurranse i å
lage web-sider. Fokus er FN sine tusenårsmål, dei åtte måla for
utvikling og reduksjon av fattigdom som statsleiarane i verda har
blitt samde om. Les meir her http://www.norad.no/2015/.
Tilgang til NORART-databasen
(19.09.02)
NORART er ein av nasjonalbiblioteket sine databasar
på internettadressa http://www.nb.no/baser/norart/,
der du kan søkje etter artiklar i tidsskrift/årbøker. Det er berre
referansen til artikkelen du finn her, som t.d. tittel på artikkelen,
namn og nummer på tidsskrift o.s.v. Du kan også bestille utskrift av
artiklane. Du treng brukarnamn og passord for å kome inn på databasen.
Dette finn du ved å gå inn i ClassFronter, klasserommet Felles
informasjon, klikke på Arkiv og NORART-dokumentet.
Diverse val i elevrådet
(12.09.02)
No er elevrådet for inneverande skuleår klart og
dei har hatt sitt første møte og konstituert seg. Mari Heggheim 3MFA er
ny leiar i elevrådet. Elevrådet har også gjort fleire val av
representantar til ulike nemnder og utval. Les meir her!
Fjelldag med 2A (05.09.02)
På fjelldagen med 2A var 10 elevar med på ein
ekspedisjon til ein av dei høgaste fjelltoppane i kommunen. På kartet
har toppen ikkje noko namn og heller ingen kjentfolk veit om noko namn på
denne toppen. Vi har døypt toppen til 2A (må ikkje forvekslast med K2 i
Himalaya). Sjå meir her!
Haustfesten flytta til 9.
november (27.08.02)
Haustfesten vert i år laurdag 9. november. Hugs å
krysse av denne dagen i kalendaren din!
Timeplanar på nettet (14.08.02)
No kan du finne klassetimeplanar og romtimeplanar
på nettet! Gå anten inn på oversiktssida,
eller gå rett inn ved å klikke her!
Skulestart til hausten (19.06.02)
Skulestart er måndag 19. august. Grunnkurselevar
møter kl. 8.30 og VKI/VKII-elevar møter kl. 12.30. Meir informasjon om
årsplanen finn du her: http://firda.vgs.no/aarsplan.htm
Lærebøker neste skuleår
(19.06.02)
Vi har lagt ut oversikt over lærebøker neste
skuleår på nettsidene våre. Du kan gå til oversiktssida for boklister
ved å klikke her: http://firda.vgs.no/bokliste.htm.
Når det gjeld VKI Drama skal dei ha same lærebøker i fellesfaga som 2.
klasse allmennfag, men når det gjeld studieretningsfaga vert bokval ikkje
klart før ved skulestart.
Telefonkiosken skal vekk!
(06.06.02)
Telenor har bestemt seg for å legge ned drifta av
den raude telefonkiosken ved skuleplassen. Dette fordi omsetninga har
stupt frå kr. 11.000 i 1999 til kr. 1790 siste år. Det er nok
"invasjonen" av mobiltelefonar som har ført til dette. Så om
litt er den vesle, raude kiosken borte vekk!
Slutt på utlånsordninga av
lærebøker (03.06.02)
Ordninga med utlån av lærebøker vert avvikla og
alle må hugse å levere inn sine "lånebøker" før skuleslutt.
Unntak frå dette er elevar i 2. klasse som fekk norskbøker sist haust.
Dei som skal haldefram på Firda kan behalde desse bøkene eit år til!
Les meir her!
Flott russefrukost på Firda
(16.05.02)
Russen arrangerte ein flott russefrukost for seg
sjølv og tilsette på skulen 16. mai. Dei var tidleg oppe, dekka
bord i Aulaen og laga all maten sjølv. Også litt underhaldning
vart det då elevane i 3MF imponerte med Bellmann frå scena. Les
meir og sjå bilder her.
Link til fylkesleksikon
(17.04.02)
No er alle kommunane i Nordfjord komne med i NRK
sitt fylkesleksikon. I dette høve har også vi lagt ut link til dette
oppslagsverket. Du finn linken under Ut i
verda til venstre på skjermen,
eller du kan kome direkte til fylkesleksikonet ved å klikke her.
Arve Henriksen på Firda
(15.04.02)
Torsdag 18. april er trompetisten Arve Henriksen på
Firda for å halde kurs for elevane på musikklinja. Arve Henriksen gjekk
sjølv ut på musikklinja på Firda i 1987 og er no ein svært dyktig og
etterspurt frilans jazzmusikar. Han er ein av landet sine dyktigaste
trompetistar og vert kunstnarleg plassert i gruppe med m.a. Jan Garbarek.
Les meir om Arve Henriksen ved å klikke her
eller her!
"Fredskonferanse" på
Firda (11.04.02)
Som dei to siste åra har leiinga og russen ved
Gloppen ungdomsskule og Firda VGS også i år hatt "peace
talks", der vi har vorte samde om retningslinjer for russefeiring og
"krigføring" mellom russen ved dei to skulane. Les meir om
fredsforhandlingane her!
Vellukka grisefest på Firda
(10.03.02)
Den tradisjonelle grisefesten vart halden i Aulaen
laurdag med lærarane som arrangørar, med 2. klassingar som servitørar
og med hjelp frå nokre foreldre. Eit nær fulltallig russekull deltok i
sin finaste stas på denne flotte festen med middag, bordtaler, "aftenunderhodning"
frå scena og dans til musikk av "Twilight". Flott fest!
|