Nyheit: Inntaksprøve til musikklina 2008 / 2009

 

For våren 2008 vert det innført ei ny inntaksordning til utdanningsprogram for musikk,dans,drama – programområde musikk.
 

Inntak til musikk,dans,drama skjer på grunnlag av poengsum frå ungdomskulen.

Men det er muleg å få ekstra poeng ved ei opptaksprøve som vert arrangert om våren.

Firda vidaregåande skule gjev dette tilbodet som er frivillig, til alle primærsøkjarane innafor programområde musikk.
 

Bakgrunnen for denne inntaksprøva er § 6.6 i forskrift til opplæringslova, som opnar for at inntil 50% av plassane kan tildelast ”på grunnlag av dokumentasjon av dugleik / evt. inntaksprøve i tillegg til poeng utrekna på grunnlag av karakterar”. Departementet ville med dette gje dei som var spesielt flinke på instrument/song eit høve til å kome inn sjølv om ein ikkje har nok poeng frå grunnskulen.
 

Her ved Firda vgs vil du få 1, 7 eller 15 tilleggspoeng ved ei slik inntaksprøve.

Prøva vert våren 2008 avvikla i veke 21. Meir utfyllande informasjon om prøva vert sendt til primærsøkjarar i mars/april.