Firdaelevar på musikk-oppdrag

Musikklina er stadig ute på tur med innslag på ulike arrangement. Den siste tida har det vorte fleire turar til Førde og Loen. Måndag 20. november deltok "Ljod" og dei tre sopranane i 3MFA på konferansen om "Naturfag til glede og nytte" på Alexandra. Det vart servert eigenproduserte arrangement på bl.a. "Ut mot havet" og "Opp i dalom, ned i dalom". I tillegg framførte Linn Katrin Øygard, Marita Bratteteig og Åse Birgitte Berstad utdrag frå "Tryllefløyta" av Mozart til akkompagnement av Hanne Grete Heen.
 

Ljod
Maria Vengen Jensen, Helga Helgesen, Åse Birgitte Berstad

Frå Tryllefløyta
Marita Vangen Bratteteig, Linn Katrin Øygard, Åse Birgitte Berstad.
   

Tekst/foto: Øystein Eide