RETNINGSLINJER
FOR HEILDAGSPRØVER
- Før
prøva tek til skal alle vesker/ranslar/plastposar o.l. leverast fram til
tilsynet. Også penal skal leverast fram.
- På/ved
pulten skal berre vere skrivesaker (blyant/kulepenn/viskelær/blanco etc.),
matpakke, termos/brusflaske og hjelpemiddel som er tilletne i vedkomande
fag.
- Tilsynet
- om mogleg ein faglærar - kontrollerer at tilletne hjelpemiddel berre
inneheld det dei skal.
- Papir
og oppgåver vert utlevert etter at tilsynet har forvissa seg om at dei
ovanfor nemnde punkta er i orden.
- Tilsynet
skal plasserast slik i rommet at dei til kvar tid har best mogleg oversyn
over det som føregår der.
- Tilsynet
må ikkje drive med andre sysler medan dei sit vakt, og skal heile tida
følgje med i det som føregår i rommet.
- Ved
utfølging skal det vere maksimum 5 elevar i kvar pulje, og gruppa skal
haldast samla medan dei er ute. Det er ikkje høve til å gå i kantina.
- Elevane
skal dekkje til notatane sine medan dei er ute. Tilsynet skal sjå til at
dette vert gjort.
- Fusk
eller forsøk på fusk fører til bortvising for resten av prøva og til at
det ikkje vert sett karakter. Fusk eller forsøk på fusk er t.d.:
§
å gje eller prøve å gje eller formidle hjelp til andre
§
å ta imot slik hjelp
§
ha eller bruke hjelpemiddel som ikkje er tilletne etter
at oppgåvene er delt ut