Hurtigmeny – klikk på det du vil ha
informasjon om
PPT
| Legeattest | Helsesøster
|
Helsestasjon for ungdom
PEDAGOGISK-PSYKOLOGISK
TENESTEKONTOR (PPT)
Eit PPT-kontor er ein stad der eleven kan få hjelp i spørsmål som gjeld
hans/hennar personlege, sosiale eller skulemessige utvikling. Det er viktig å
ta opp problema før dei vert for store, og det er aldri gale å kome tidleg med
noko som blir opplevd som vanskeleg.
PPT kan hjelpe deg med:
§
fagvanskar - t.d. lese-/skrive-/språk- eller talevanskar
§
vanskar i samband med funksjonshemmingar
§
vanskar ved overgang frå ein skule til ein annan
§
vanskar i samband med seksualitet
§
familieproblem
§
konfliktar - t.d. forhold til lærar/medelevar
§
vanskar med hybellivet
§
mistrivsel/angst/depresjonar/mobbing/søvnvanskar/matvanskar/rusproblem
osv.
Fagpersonalet ved kontoret har teieplikt. Det vil seie at det du fortel
ikkje blir fortalt vidare, med mindre du gir løyve til det.
PP-tenesta har mange målgrupper og mangfaldige oppgåver.
I tillegg til barn/unge/vaksne med ulike hjelpebehov må arbeidet også
omfatte oppgåver i forhold til
§
foreldre/føresette
§
skulen som organisasjon
§
den einskilde lærar
§
gruppe/klasse
§
skuleadministrasjon
I mange tilfelle vil oppgåvene også omfatte arbeid i høve til
fritidsmiljø og bumiljø og samarbeid med helse-/sosial-/kultur-etaten.
I vidaregåande skule er rådgjevarane ein viktig samarbeidspart.
PPT held til i Sørstrandsvegen 31 og har telefon nr. 57 86 57 41.
Etter møte mellom skulen og kommunelegen er det semje om at elevane har
krav på legeattest i følgjande tilfelle:
Helsesøster har kontortid på Helsestasjonen (i helsesenteret nedanfor
Domus) måndagar kl. 12.30 – 14.00.
Elevar kan kontakte helsesøster for samtale/råd som vedkjem
helse/trivsel/samliv - eller andre vanskar ein kan ha som ungdom. Tenesta er
gratis.
Helsesøster har teieplikt.
er open kvar måndag kl. 14.00
– 16.00
og der vil også lege vere tilstades (same stad som helsesøster). Her kan du gå
for konsultasjonar, undersøkingar og prøvetaking, og alt dette er gratis. Du
kan gå her utan å avtale tid på førehand, men du kan også ta kontakt på telefon
57868033 eller 57868030 eller mobiltelefon 90076293.