Haustfesten 11. november 2006
| Elevane i 2.
klassane ved Firda arrangerte i helga den tradisjonelle "haustfesten" ved
skulen med tale, underhaldning, matservering og dans. Mariell Eikeset Mundal,
som gjekk ut ved skulen sist vår, heldt talen. Tema var samarbeid for å nå
felles mål (som t.d. haustfesten), kor viktig dette er og kva det gjev
av personleg utvikling, erfaring og minner. Elles varta elevane opp med eit fyldig program, der dei harselerte både over seg sjølv og leiinga (som i år hadde lagt ned forbod mot den tradisjonelle skalkefesten). Som vanleg var det flott musikk med gode vokalistar frå eit framifrå haustfestorkester. Haustfestsjefar var Charlotte Eikeset Mundal (2DAA) og Monica Solheim (2MFA). Geir Skagen har teke bilde frå festen. Klikk på bilda og du får dei i større utgåve. Fleire bilde kan du sjå på Eurofoto, og der kan du også bestille deg papirkopiar om du ynskjer det. Det er berre å klikke seg inn på: http://www.eurofoto.no/show_album.php?aid=1299079
|
![]() |
![]() |
|
![]() |
![]() |
|
![]() |
![]() |
|
![]() |
![]() |