|
Dato: 13.01.2002 Handlingsplan mot rus ved Firda vidargåande skule Planen er vedteken av elevråd/leiing etter å ha vore lagt ut til høyring i desember 2002. HOVUDMÅL1.
Arbeide for ein rusfri skule. 2.
Drive rusførebyggande arbeid med klare tiltaksplanar
mot rusmisbruk. 3. Syte for at skulen sine tilsette med jamne mellomrom vert oppdaterte om rusproblematikken og rutinar ved bekymring og mistanke om rusbruk. DELMÅL1. Motivere elevar og lærarar til å engasjere seg i arbeidet mot rus. 2. Auke elevane og dei tilsette sine kunnskapar om rusbruk og skadeverknader. 3. Informere elevar og lærarar om kva hjelpetiltak som finst på skulen og i nærmiljøet. 4. Halde dei tilsette oppdaterte på ulike typar rusmiddel og symptom på desse. 5. Halde dei tilsette oppdatert på rutinar for handsaming av ”bekymringssituasjonar” og mistanke om bruk av rusmiddel. VIKTIGE PRINSIPP FOR HANDLINGSPLANEN1.
For elevar under 18 år er heimane og dei føresette
dei viktigaste samarbeidspartane. 2.
Narkotika er eit samfunnsproblem som må arbeidast med
innanfor ei tverretatleg ramme. For heimen og skulen er det naturleg å
samarbeide med PPT, skulehelsetenesta, politiet, sosial- og barnevernstenesta
og faginstansar med særleg kompetanse på rus. 3. Kvart enkelt tilfelle skal gjennomgåast og vurderast individuelt i høve til rutinar i handlingsplanen. TILTAK1.
Skulen skal tydeleggjere ein rusfri profil. 2.
Skulen skal delta i tverretatleg samarbeid med
skulehelsetenesta, PPT, sosial- og barnevernstenesta og politiet. 3.
Rusførebyggjande tiltak for elevane skal vere tema i
elevråd, kontaktlærarforum, på klasselærarmøte og planleggingsdagar. 4.
Alle grunnkursklassene skal ha eit
undervisningsopplegg der ein legg vekt på kunnskap, haldningar og konsekvensar. 5.
Alle VG2 klassane skal ha eit opplegg der ein i
tillegg til kunnskap og haldningar fokuserer på konsekvensar, for den
einskilde og for samfunnet. Politiet skal vere med i alle klassar. 6. For avgangsklassane skal det gjennomførast eit særskilt opplegg med ansvarleggjering før russetida. Politiet skal delta på dette. 7. Dei tilsette skal få opplæring om ulike
rusmiddel og kva symptom ein skal sjå etter ved bruk av desse. 8. Dei tilsette skal haldast oppdatert på
rutinar for handtering av tilfelle av ”bekymring” og ved mistanke om rusbruk. RUTINARSkulen har følgjande rutinar retta mot enkeltelevar når det ligg føre melding eller mistanke om bruk av rusmiddel. Rutine ved
bekymring for elev ·
Når ein elev har for mykje fråvær, er trøytt/søv
i timane, viser uakseptabel åtferd, trekkjer seg tilbake, endrar åtferd, har
konsentrasjonsvanskar osv. melder faglærar frå til klassestyrar. ·
Kontaktlærar kallar inn til klasselærarmøte så
snart råd er. Rådgjevar er med. ·
Kontaktlærar samtalar med eleven og kontaktar
rådgjevar om det er naudsynt. ·
Dersom situasjonen ikkje endrar seg i positiv
lei, tek klassestyrar kontakt med føresette. · Elev som er bekymra for medelev vender seg til rådgjevar. Rutine ved uvanleg framferd som tyder på rus, synleg rus,
oppdaging av stoff eller brukarutstyr eller sal/formidling av stoff: ·
Administrativ leiar skal varslast med ein
gong. Dersom han ikkje er til stades, rektor. Dersom det er involvert
person(ar) som ikkje er elev(ar) ved skulen, melder adm. leiar desse direkte
til politiet. ·
Adm. leiar kallar straks inn eleven i lag med
rådgjevar. ·
Føresette blir varsla same dagen om eleven er
under 18 år. ·
Etter vurdering av alvoret i saka blir det
kalla inn til møte med partane i tverretatleg samarbeid der ein utarbeider
tiltak. ·
Etter vurdering av saka kan adm. leiar gje
melding til politiet med namns nemning. · Bruk av rusmiddel på skulen vil føre til disiplinære tiltak for eleven, jamfør skulen sitt reglement. |