Fin grisefest på Firda!

Fredag 16. mars arrangerte dei tilsette på Firda den tradisjonelle grisefesten for russen. Taffelmusikken spela medan stivpynta russ og tilsette tok plass ved dei fint dekka langborda. På menyen stod det svinesteik, slik det skal vere på ein grisefest, og elevar frå 2. klassane serverte. Elles var det bordtaler, allsong og "aftenunderholdning" frå scena, der russen fekk sjå lærarane i heilt nye rollar. Så vart det polonese og dans til tonar av danseband samansett av elevar frå 2MFA. Det vart igjen ein flott fest!

Nedanfor finn du nokre bilde frå festen.  Fotograf er Geir Skagen.


Taffelmusikken spelar


Til bords


Til bords


Lasse Vegard Fløde med tale for damene


Anne-Britt Kjørvik med tale for herrane

Aftenunderholdning 1

Aftenunderholdning 2

Aftenunderholdning 3


Desserten vert servert


Vegard Wergeland Hansen takkar for maten