![]() Knut Rygg
|
Firdaelevar til landsfinalen i fysikk Knut Rygg og Anders Klungre frå 3AAA gjekk vidare frå 2. runde i fysikkolympiaden i år og vart mellom dei 20 som går vidare til landsfinalen. Knut Rygg var på delt 2. plass med 20 poeng. I slutten av mars dreg begge til Universitetet i Oslo til ei vekes treningskurs i fysikk. Siste dagen denne veka vert det landsfinale og dei fem beste herifrå får delta på den internasjonale finalen i Sør-Korea til sommaren. Vi ynskjer dei lukke til! |
![]() Anders Klungre |