Suverene Fylkesmeistrar
Etter å ha banka laget frå Stryn vidaregåande 11-3 vart gutane frå Firda fylkesmeistrar i handball for vidaregåande skular onsdag. Finalen varte i 1x18 minutt, og det var aldri tvil om kvar pokalen ville hamne. Gutelaget var heilt suverene på vegen fram mot finalen, og slo Årdal like suverent i semifinalen. Dei fleste på gutelaget frå Firda går i andreklassene på almenn og idrett, og vil vere med også neste år. Jentene spelte seg fram til semifinale, men tapte med eitt mål mot eit lag frå Førde.

Med sigeren kunne gutelaget ha kvalifisert seg til NM for vidaregåande skular, men den kvalifiseringa har ikkje skulen prioritert i år. Men til neste år er håpet at skulen satsar. Gloppen ungdomsskule vann både jente- og gutefinalen i sin klasse, og med nye sterke spelarar som kjem opp frå ungdomsskulen, saman med Firdalaget som vann onsdag, er det grunn til å stille store forventningar for neste år.