ForeldreForum
 Nyttige linkar Nyhende og artiklar
Firda VGS
Kontakt
Oversiktsside 
Ungdomsskule

Barneskule

Ut i verda
Læreplanar
Fylkesmannen-utdanning

Fylkeskommunen
Skulekatalogen
Skolenettet
Nordisk skolenett



Moro med matte (27.02.04)
Har du fått spørsmål frå borna dine om hjelp med matematikken? 
Har du hatt lyst til å hjelpe men kjent deg hjelpelaus?
Firda, i samarbeid med grunnskulen i Gloppen, vil hjelpe deg med dette og arrangerer difor enkle matematikkurs der du kan lære litt om dei dei mest grunnleggane emna og bruk av kalkulator.
For meir informasjon og påmelding klikkar du her!

 

Magne Raundalen i Gloppen  (15.09.03)

"Det viktigaste i ein god oppvekst" er tittelen på eit føredrag som barnepsykolog Magne Raundalen skal halde under eit storforeldremøte i Aulaen på Firda vidaregåande skule tysdag 16. september kl. 19.00. I tillegg vil også leiar i foreldreutvalet i grunnskulen, Hilde Sundve Jordheim, snakke om dei utfordringane foreldrene møter i forhold til skulen.

Bakgrunnen for dette storforeldremøtet er at Firda vgs, Sandane skule, Gloppen ungdomsskule og skulesjefen har utvikla eit tett samarbeid med fokus på å skape gode samanhengar i det 13-årige skuleløpet. Desse tre skulane ligg så nær kvarandre at det er naturleg å starte eit slikt samarbeid der, men sjølvsagt skal dei andre skulane i kommunen også kome med.

Elevinspektørane  (12.01.04)
Våren 2004 blir nettstaden Skoleporten.no opna. Skoleporten.no vil ha opplysningar om alle skulane i Noreg og gjer skuleinformasjonen lettare tilgjengeleg. Vi vil mellom anna få vite meir om kva slags resultat elevane oppnår, korleis elevane trivst på skulen, og kor mykje ressursar som går med. Skoleporten.no vil òg innehalde ein støtte- og rettleiingsdel som kan brukast i utviklingsarbeidet på skulane. For å hente inn informasjon om skulane og læringsmiljøet vil nettstaden Elevinspektorene.no verte nytta. Informasjonsskriv til elevar og føresette om dette finn du ved å klikke her.

Kvalitetsreforma (Søgnen-utvalet)  (05.09.03)
Utvalet for kvalitet i grunnopplæringa la fram si utgreiing 5. juni 2003. Utgreiinga innheld over 100 konkrete framlegg om innhald og organisering av opplæringa og gjeld både grunnskule, vidaregåande skule og opplæring i arbeidslivet.
Les pressemelding her!  Heile NOU-rapporten finn du her!

Utdanning.no – for heile utdanningssektoren (05.09.03)
1.september vert Utdanning.no utvida til å omfatte informasjon og tenester i eit livslangt læringsperspektiv. Frå denne datoen kan alle med interesse eller behov for informasjon om utdanning finne det på www.utdanning.no.
Les heile pressemeldinga frå UFD her!

Norsk konferanse om utdanning og læring 2003 (05.09.03)
Referat frå delar av konferansen, m.a. frå Kristin Clemet si tale om utfordringar i norsk skule "Visjon og virkelighet". Heile referatet finn du her http://www.skolemagasinet.no/nkul03.html.