Hugseliste i
samband med Operasjon Dagsverk 2006
OD-dagen er fredag 27. oktober
I god tid før OD-dagen
§
OD-komiteen syter for informasjon til pressa omkring
OD-dagen (formål, opplegg, etc.)
§
OD-komiteen set (om nødvendig) annonse i Firda Tidend
for å skaffe jobbar.
§
OD-komiteen informerer i klassane om opplegget på
OD-dagen.
Deltaking
§
Alle som skal delta på OD må skrive seg på dei gule
klasselistene (tillitselev/OD-kontakt har ansvar for dette).
§
Dei gule klasselistene må OD-kontakt/tillitselev i
klassen levere OD-komiteen innan onsdag 25. oktober.
§
Dei som ikkje deltek i OD møter på skulen til eige
opplegg på OD-dagen (rom nr. 2).
§
Dei som korkje deltek eller møter på rom nr. 2 får
fråvær for denne dagen.
Før OD-dagen
§
Skaff deg sjølv arbeid eller be OD-komiteen hjelpe
deg med dette.
§
VIKTIG! - arbeidskort vert
utdelt av tillitselev/OD-kontakt i klassen på førehand (dette MÅ du ha!).
På OD-dagen
§
Hugs å ta med arbeidskortet når du skal ut på
OD-jobb.
§
Fyll sjølv ut delen med elev/skule-informasjon og
skriv under på kortet.
§
Be arbeidsgjevar fylle ut sin del av kortet og krysse
av for betalingsmåte (.
§
Viss arbeidsgjevar betalar via internett så vis han
internettadressa (www.betale.od.no) som står på kortet.
NB! Viss giro/kredittkort vert nytta, så må denne internettadressa brukast og
referansenummeret MÅ førast på arbeidskortet!
Viss han betalar kontant så ta imot pengane (minstesats
er kr. 300).
§
Riv av og gje arbeidsgjevar hans kopi av
arbeidskortet (rosa).
Etter OD-dagen
§
Innlevering av arbeidskort (den gule delen) og
innbetaling av pengar skal skje til OD-komiteen i tida 12.00-12.30 første
måndag-tysdag-onsdag etter OD på rom K2 (1. etasje i gamlebygget).
Takk for
innsatsen og lukke til med OD!