Foto: Geir Skagen

Torsdag 15. og fredag 16. april skal 2Drama vise teaterframsyning: ”Min Draumepappa” i Black Boxen både på dagtid og på kveldstid. Det har gått ut invitasjonar til nokre 2. klasser, men framsyningane er sjølvsagt også opne for andre interesserte. Black Boxen er ikkje stor, så vi har eit avgrensa tal publikummarar vi kan ta imot. Ta kontakt med Gunn Tone Moen dersom du har lyst til å kome og sjå.

”Min Draumepappa” er eit resultat av prosjektveka til 2Drama. Då laga dei eit manus som delvis tek utgangspunkt i ”Villanden” av Henrik Ibsen. Stykket handlar om den sytten år gamle Hedda og familien hennar.  Ho, mora, faren og veslesystera Sofie flyttar inn i det over hundre år gamle huset der familien Ekdal budde tidlegare. Hedda får rom på loftet og finn her ei gamal dagbok.  Gjennom den blir Hedda kjent med familien som budde der før. Samstundes skjer det ting i hennar eigen familie.

Stykket tek opp eit tema som både er aktuelt og viktig i dag. Skilsmål har blitt vanlegare i dagens samfunn, men konsekvensane som følgjer kan framleis vere like vonde. Vi opplever at fleire born blir svikta av foreldra sine, og får ein vanskeleg oppvekst som set djupe spor. Det finst mange typar skadeskutte villender i dagens samfunn..

Gunn Tone