REGLAR FOR
BRUK AV DATAROM
Skulen ynskjer å ha eit godt tilbod til elevane
innan data, både når det gjeld fagtilbod og bruk av datautstyr i fritimar og
utanom skuletid. For at dette tilbodet skal kunne oppretthaldast seier det seg
sjølv at skulen må setje klare reglar for bruken av datarom og utstyr.
Bruk av
dataromma
- Opningstidene
for dataromma vert kunngjort ved oppslag på dørene. Desse tidene må
respekterast. Alle må forlate rommet i god tid før ny undervisningstime
tek til.
- Det
må ikkje flyttast stolar inn eller ut av dataromma. Dei stolane som er der
skal stå på fast plass, ein til kvar PC, og ikkje flyttast rundt i rommet.
- Mat
og drikke skal ikkje takast med inn på dataromma.
- Alt
boss må fjernast før du forlet rommet.
- Alt
arbeid med fag går føre fritidssyslar på dataromma. D.v.s. at om du har
skulearbeid du treng datamaskin til, kan du be ein som ikkje arbeider med
noko fagleg om å overlate datamaskina til deg.
Bruk av
datautstyret
- Bruk
datautstyret som om det var ditt eige. Ikkje utsett utstyret for hardhendt
behandling og ver varsam med kablar og leidningar.
- Det
er ikkje tillate å bruke datamaskinene til spel.
- Det
er ikkje tillate å installere eigne program korkje på lokal harddisk (C:)
eller på nettverksstasjonane.
- Eigne
datafilar kan berre lagrast på eigen privat stasjon/katalog (H:) eller på
diskett.
Filar som blir lagra på lokal harddisk (C:) vil kunne bli sletta av
systemansvarleg.
- Eigen
stasjon (H:) kan ikkje innehalde meir enn max. 10 MB data. Dersom den vert
større kan alle data på H: stasjonen verte sletta av systemansvarleg
- Ver
merksam på at ved slutten av kvart skuleår vert alle data på H: -
stasjonane til avgangselevane sletta. Ta difor kopi på diskett av data du
vil ta vare på..
- Alle
elevar får eige brukarnamn og passord. Brukarnamn og passord kan ikkje
"lånast ut" til andre.
- Internett
må brukast med fornuft og bruk av CHAT-program (som t.d. mIRC) er ikkje
tillate.
Kostnadene med skrivar har auka sterkt. Ta
berre utskrifter som er høgst nødvendige, dette gjeld spesielt utskrifter frå
Internett.