|
Elevar dansar for skuleborn Danseelevane på Firda vidaregåande skule øver for tida iherdig. Om kort tid skal dei nemleg vitje fleire av barneskulane i Gloppen med forestillinga ”Julegave”. – Vi gler oss, seier to av dansarane, Marte Halse og Ingrid Hjohlman Reed. Det er 3. og 4. klassingane ved skulane som får sjå danseframsyninga til Firda-elevane. Hyen og Vestre Hyen skule er fyrst ute og får besøk den 27. november. Men elevar ved både Vereide skule, Reed, Rygg, Sandane, Austrheim og Byrkjelo får også oppleve juleforestillinga.
Borna skal få danse – Vi skal danse i om lag 20 minutt og gje elevane vi besøkjer litt inspirasjon i starten. Deretter er det meininga at vi skal snakke med dei og prøve å få dei med på å danse, seier danselærar på Firda, Marieke Joosten. Ho er tilsett på Firda i 70 prosent stilling, men driv også sitt eige firma som koreograf i tillegg. Danseframsyninga ”Julegave” er ein del av den lokale kulturelle skulesekken, formidla gjennom Gloppen kommune. – Gjev god respons Marte Halse tykkjer det er svært moro å skulle setje opp ei danseframsyning for born. – Då får vi lov til å vere litt barnslege, og vi spelar ein del på humor. Vi arbeider med morosame ting som ballongar og sokkar. Det er kjekt å ha forestilling for born. Dei gjev alltid god respons, seier ho, noko Ingrid Hjohlman Reed er heilt samd i. – Det er noko heilt anna å kommunisere med born enn med vaksne. Her må vi tenkje at det skal vere kjekt for dei å sjå framsyninga, smiler ho. Juletre og pakkar blir ein del av danseopplevinga. – Pakkar og juletre gjev gode assosiasjonar. Vi blir glade og i godt humør av å vise dansen vår, seier dei to elevane, som gler seg til å reise rundt til skulane i Gloppen. Marieke Joosten er godt nøgd med innsatsen til elevane sine. – Dei er svært positive. Dansen blir til gjennom ein dialog mellom elevar og lærar. At elevane bidreg, tykkjer eg er svært viktig, seier ho.
|
|
![]() Marte Halse og Ingrid Hjohlman Reed (t.h.) gler seg til å opptre for born. |
![]() Elevane i 3. klasse dans øver på framsyninga ”Julegave”, som skal visast for 3. og 4. klasseelevar i Gloppen. |