|
BRANNREGLAR (NB! i byggeperioden for Trivselshagen er samlingsplassen festplassen i Jølet og ikkje treningsbana)
Ved Firda vidaregåande skule har vi eit nytt, moderne brannvarslingsanlegg. Kontrolltavle og planskisser for anlegget er plassert innafor hovudinngangsdøra frå skuleplassen til biblioteket. Ved alle inngangsdørene er det plassert brannmeldarar og i nokre gangar er det montert branndører som vert attletne automatisk ved brann. Desse branndørene må det ikkje "tuklast" med! Det må ikkje plasserast ranslar etc. slik at dei hindrar branndørene å slå igjen i tilfelle brann!
Lærarane, elevane og andre tilsette må orientere seg om kvar brannmeldarar og sløkkjereiskap er plasserte. Dei skal og gjere seg kjende med bruken av desse.
VED BRANN: Den som først oppdagar brannen, skal snarast sjølv freiste å sløkkje den. Dersom dette ikkje lukkast, skal han/ho slå alarm lokalt på skulen og syte for at brannvesenet vert varsla. Telefon nr. 110. (Alarmsentralen vert varsla automatisk så det gjeld å bekrefte at det er brann).
Ved brann i friminuttaAlle syter for å kome seg ut av bygningane snarast
råd og vaktmeister/skuleleiing kontrollerer at alle er ute. Elevane samlar
seg i Jølet (i byggeperioden) og melder seg for siste faglærar dei har hatt
(sjå punkt 4 og 5 nedanfor). Ved brann i timane: 1. Læraren stiller seg ved døra ut av klasserommet og syter for at alle elevane raskt forlet klasse-rommet utan å springe. Ved mykje røyk: hald kvarandre i hendene. La alle skulesaker ligge igjen.
2. Læraren ser til at alle vindauga og dører er attletne og følgjer etter elevane.
3. Dersom det er mogleg nyttar ein vanlege utgangar frå klasserommet. Viss vanlege utgangar er sperra av eld og/eller røyk så nyttar ein naudutgangar. Lærar kontrollerer at ikkje utvendige brannstigar o.l. vert overbelasta.
4. Alle går snarast råd til festplassen i Jølet og samlar seg rundt faglæraren ein hadde denne timen. Dette for å “vere ute av vegen” for brannvesenet. Alle vert verande der til nærare melding verte gitt.
5. Faglærarane skaffar seg oversikt over om nokon manglar og rapporterer til rektor. Rektor skal ha melding om romnummer, klasse/gruppe og om nokon manglar i høve til dei som var i klasserommet. (NB! Alle rapporterer til rektor, også om alle er tilstades).
NAUDUTGANGAR Alle rom i sokkel-/1. etasje: Ut gjennom vindauga. Gamlebygget 2. etasje: Brannstige frå rom nr. 6 og rom nr. 10. Realskulebygget 2. etasje: Alternative trappenedgangar. Rektorbustaden 2. etasje: Brannstigar langs yttervegg. Aula: Skyvedør mot skuleplassen og til veranda mot Jølet.
|