Planleggingsdag med Brit Neumann
![]() |
Fredag
19. august hadde Firda vgs felles planleggingsdag saman med grunnskulen i
Gloppen. Det er tredje gongen alle lærarane i kommunen møtest ved
skulestart, for felles påfyll og inspirasjon. Brit
Neumann sto for ein inspirerande og innhaldsrik kursdag der temaet var:
Korleis skape gode læremiljø i skulen? Korleis skape læremiljø der den enkelte kan vekse og utvikle seg ut frå eit trygt fellesskap? Foto: Geir Skagen |
![]() |
Neumann
presenterte TRYGG-modellen, som ho har utvikla etter mange års erfaring i
skulen. Det er ein arbeidsmåte som kan brukast både i alminnelege og i
vanskelege klassar for å bygge gode fellesskap. Neumann er ein levande og
god formidlar, som kombinerer teoretisk innsikt med praktisk erfaring på
framifrå vis. Planleggingsdagen blei ein god start på skuleåret, der lærarane
fekk med seg mange tankar og idear – både til ispirasjon og ettertanke.
Foto: Geir Skagen |