|
VIDAREGÅANDE OPPLÆRING FOR VAKSNE
Har du
rett til vidaregåande opplæring?
-
Dersom du er fødd før 1. januar 1978 og har fullført
grunnskulen eller tilsvarande, men ikkje vidaregåande
opplæring,
har du etter søknad rett til vidaregåande opplæring
-
Retten gjeld òg deg som er innvandrar med opphaldsløyve, og
som ikkje har fullført tilsvarande vidaregåande opplæring i
heimlandet.
-
Dersom du er vaksen og teken inn til vidaregåande opplæring,
har du rett til å fullføre opplæringsløpet
(fullføringsrett).
Det gjeld anten du har vaksenrett eller ikkje.
|
Kva har
du rett på?
-
Vidaregåande opplæring som fører fram til studiekompetanse,
yrkeskompetanse eller kompetanse på lågare nivå.
- Du
har rett på opplæring som er på dei vaksne sine premissar.
- Du
har rett på ei opplæring som byggjer vidare på eigen
kunnskap og røynsle.
|
Realkompetanse – kva er det?
Realkompetanse er den kompetansen vaksne har opparbeidd
seg gjennom formell opplæring og gjennom å delta i arbeidsliv
og samfunnsliv, ved kurs, bedriftsintern opplæring o.l.
Realkompetanse skal vurderast ut frå aktuelle læreplanar for
fag i vidaregåande opplæring. Ei vurdering av realkompetanse
er likeverdig med ein standpunktkarakter.
|
Kva kan
vi hjelpe deg med?
-
Informasjon om vaksenopplæring
-
Vurdering av tidlegare utdanning.
-
Utfylling av søknad om opplæring
-
Utfylling av søknad om realkompetansevurdering
|
Kven
betaler?
-
Opplæringa er gratis.
-
Realkompetansevurdering er gratis for vaksne med rett
- Du
må sjølv dekkje utgifter til t.d. materiell, læremiddel og
reise.
- Du
kan søkje Statens lånekasse for utdanning om støtte.
|
For meir informasjon kontakt Firda
vidaregåande skule
Gunnar Nygjerd tlf: 57 86 87 32 eller epost:
gunnar.nygjerd@sfj.no
Søknadsskjema med rettleiing |
Du vil og
finne meir informasjon om vaksenopplæring og utdanningsløp på
desse nettsidene:
Kunnskapsdepartementet si side om vaksenopplæringa
VOX - læring for arbeidslivet
Sogn og Fjordane Fylkeskommune
Læreplanar Reform 94 og Kunnskapsløftet
Kompetanseplattformer
VilBli.no
|
|