|

Ljód (foto: Vigdis Henden)
Maria Vengen Jensen, Helga Helgesen , Line Vederhus, Åse Birgitte
Berstad
|
|
Firda
sine deltakarar på fylkesmessa
Både «Smårips» og «Ljód»
er vidare til NM for ungdomsbedrifter. På fylkesmessa i Førde torsdag 9.
februar fekk «Ljód» pris for beste kulturinnslag. Frå Firda stilte
Smårips og Ljód presenterte seg sjølve og hadde innslag under
opningssamlinga, medan InMediasRes gjorde opptak av messa for
arrangørane. IKT, med LANBase var på plass som observatørar. I tillegg
var elevar frå Natur&Media med og hadde stand.
Under prisutdelinga på mot
slutten av samlinga vart det klart at begge dei to musikale gruppene fekk
reise til Nasjonal Messe (NM) på Lillestrøm siste helga i april.
Heile messa vart filma av
InMediasRes som på oppdrag av Holger Aasen skal lage ein film om messa og
deltakarane der. Eit ganske omfattande oppdrag for dei tre elevane i 2MK
og 3MK.
Over 70 ungdoms- og
elevbedrifter frå heile fylket hadde stand i Førdehuset, og det var
yrande aktivitet, og det vart delt ut prisar i ei rekke kategoriar. Best
uansett kategori var UB «Huldra» frå Mo og Jølster vidaregåande. Dei
skal tilby ulike medieprodukt til ein oppdragsgivar, og består av
andreklassen på MK på Vassenden.
|
|

Smårips (foto:
Geir Skagen)
Oda Bolstad, Iselin Eikås, Ingrid Heieren, Åslaug Timenes Bell
|
|
Beste
kultur- og underhaldningsinnslag
På NM skal dei to
ungdomsbedriftene frå Firda vgs tevle om å bli beste kultur- og
underhaldningsinnslag. Presentasjonen
er på maks 10 minutt og vert framførd som underhaldning under
kveldsarrangementet på Nasjonal Messe. Juryen vil legge vekt på ei
heilskapsvurdering, og vil spesielt vurdere ut frå desse kriteria:
Interessevekkjar
(25p)
Originalitet
(25p)
Grad av sjølvstende (25p)
Generelt inntrykk (25p)
- Ein kan få
maksimalt 100 poeng -
|

|
|