VIL DU STARTE UNGDOMSBEDRIFT PÅ FIRDA?

Kva er ei ungdomsbedrift?
Ungdomsbedrift er ein annan måte å lære på, eit alternativ til tradisjonell undervisning. Føremålet er å gje ungdom i alderen 15-20 år kunnskap om, erfaring i og forståing av arbeidslivet. Gjennom eit skuleår skal elevane etablere, drive og avvikle ungdomsbedrifta, med støtte frå lærarar og mentor frå næringslivet.
Les meir om ungdomsbedrift i Kunnskapsløftet.
 
Kva skal til for å starte ei ungdomsbedrift?
De som ynskjer å starte ei ungdomsbedrift må først finne ein forretningsidé som de kan verte einige om. Forretningsidéen bør
formulerast skriftleg og de bør også vurdere marknaden for varer/tenester de ynskjer å selje. Deretter må de gjennom den vanlege oppstartsprosedyren for ei bedrift med stiftingsmøte, val av styre etc.
Les meir om registrering av ungdomsbedrift.
Hugseliste til stiftingsmøtet
  • Namn på ungdomsbedrifta
  • Framlegg til vedtekter (sjå framlegg her)
  • Namn, adresse og fødselsnummer på stiftarane (medlemmene)
  • Framlegg til styremedlemmer og styreleiar
  • Kven som skal representere selskapet utad (signaturrett og prokura)
  • Kven som skal være mentor (må vere ein frå næringslivet)
  • Kven som skal være revisor (vanlegvis læraren)
  • Kven som skal være ansvarleg lærar
  • Avtale med ansvarleg lærar
  • Heimstad for bedrifta (kommune) og formål med drifta
  • Andelskapital (beløp, antal UB-andelar pr. stiftar)
  • Storleik på andelskapitalen (minimums – og maksimumskapital)
  • Tidspunkt for innbetaling av innskot/UB-andelar
  • Innbetaling av registreringsgebyr
  • Dato for stifting
  • Skriftlig innbyding til stiftingsmøte sendt/levert stiftarane, lærar, mentor
  • Sakliste for møtet

Hugseliste ved innending av registreringsmelding

  • Søknad i to eksemplar (hugs blå penn ved utfylling)
  • Vedtekter for ungdomsbedrifta
  • Kvittering for innbetalt registreringgebyr
  • Avtale med ansvarleg lærar
  • Avtale med mentor
  • Protokoll for stiftingsmøtet
For meir informasjon kontakt
Gunnar Nygjerd tlf: 57 86 87 32 eller epost:
gunnar.nygjerd@sfj.no
Du vil og finne nyttig informasjon på desse nettsidene:
   
http://www.ue.no/ (Ungt Entreprenørskap)
http://pef.sfj.no/ (Ungt Entreprenørskap i Indre Sunnfjord)
http://www.vitalt.no/ (Vegvisar for bedrifta)
http://www.nho.no/ (Næringslivet sin hovudorganisasjon)