|
Tre gull til Trude ... Å kaste på heimebane var ein ekstra inspirasjon for Trude Raad (1ST) under UM på Byrkjelo i helga. Tre gull i kule, slegge og diskos, var som venta, men med 54,20m sette ho ny aldersrekord i jenter 16 år. Den gamle var også hennar. I kule landa kula på 13,04m, og i diskos på 43,01m På pallplassen under stod kvar gong Kristine Gjengedal (1ID) som tok med seg tre sølv i same klassen. Ho kasta 38,09 i slegge, 36,29 i diskos, og 12,21 i kule.
Elin Alme (2ID) tok sølv i tresteg med 10,71m i J18/19, Vidar Nyhammer (2ID) tok sølv i høgde G17 med 1,81m, og Ida Seim (2ID) tok sølv på 2000 m hinder i J17 på tida 8.21,21. I tillegg tok Atle Rygg Årdal, som gjekk ut frå Firda i vår sølv i høgde i J18/19, med eit hopp på 1,91m.
|
|
|
|
|
Under heile UM deltok også andre og tredjeklassingane på medium og kommunikasjon. Dei laga videoreportasjar under heile arrangementet, og elevane har fått særs mykje ros for arbeidet frå friidretts-krinsar. Dette kansette ein ny standard for dekking av UM, sa leiaren i friidrettsforbundet, så han var innom redaksjonen på laurdag. Resten av dei 20 reportasjane som vart laga finn du her http://um2006.no/reportasjar.htm
Det var ein bråstart på året for dei to klassene, som brukte dei tre første skuledagane på å sette seg inn programvare som skulle brukast, sportsjournalistikk og korleis lage reportasjar for nett. Til trass for at heile helga gjekk med, møtte alle opp, tok ansvar, og gjorde ein kjempejobb. Ansvarlege lærarar frå medielinja var Charlotte Østebø Nilsen og Geir Skagen.
|