Besøk frå Käthe-Kollwitz-Schule i Kiel

Firda har i desse dagar besøk av Petra Seyfert og Reinhold Thohde frå Käthe-Kollwitz-Schule i Kiel. Tidlegare har lærarar frå vår skule vitja dei i Tyskland. Føremålet er å knyte internasjonale kontaktar med tanke på både lærar- og elevutveksling mellom skulane.

I samband med besøket var dei to saman med ein del av kollegane på Firda på tur på Breimsvatnet måndag 30. mai og til middag i "naustet" i Kandalen, der dei fekk servert kjekjøt. Vi trur maten fall i god smak både hos dei to frå Kiel og hos dei norske kollegane.

Nedanfor nokre bilde frå turen. Klikk på bildet for å få det i større utgåve.