Juleavslutning på Firda

Juleavslutninga i år presenterte eit variert program. Første drama hadde teke seg tid til å laga eit lite julespel om jakta på julestemninga, og andre og tredje dans hadde valgt ut nokre smakebitar frå drama si framsyning for barneskulane, «Julegåve». Elles var det dans, musikk og korsong, saman med dei «faste postane» med allsong, helsing frå rektor og juleevangeliet.
Tekst/foto: Geir Skagen

Nokre bilete frå programmet: