Rocka maikveld på Gloppen Scene

Torsdag er det igjen rock på Gloppen Scene. Som vanleg blir det pizza frå kl. 2000, og så går banda på scena kl. 2130. Først ut er eit band frå 3. klasse på Firda. Deretter kjem det etterkvart kjende bandet frå Eid, "Treat". Dei er pr. dato nr. 1 på Fylkestoppen, og har fleire spelejobbar framføre seg dei første vekene, mellom anna skal dei spele på Malakoff i august. Dei skriv om seg sjølve:

"Rockepønkete indierock som e heavypoppa. mmmhm. naam, krydra med spontane spasmer, splithopp og impulsive skrik. Det e TREAT, kort sagt."  Les meir her: http://www11.nrk.no/urort/user/?id=45989