Fjelldag med 2A  -  5. september 2002

Klikk på bilda for å få større versjon!


Kveldsstemning ved bålet på Eggestøylen

I Himalaya fins det kjende toppar som K2. På fjelldagen i år besteig 10 elevar frå 2A eitt av dei høgste fjella i kommunen (1587 m), eit fjell vi ikkje har vore i stand til å finne namn på. Difor var alle som var med på denne ekspedisjonen samde om å døype denne toppen til 2A. På bildet nedanfor er dei 10 + Per Kåre Håvik ved varden på toppen. I bakgrunnen ser ein Snønipa.


På toppen av 2A med Snønipa i bakgrunnen

 

Nedturen gjekk nedom Trollebotnen og heile Høgredalen (Øvredalen). På veg ned mot Trollebotnen har vi denne utsikten nedover dalen.


Nedover Høgredalen mot Eggestøylen og Breim