Sjå (på) meg!
av og med 3. drama

 

       
Klikk på plakaten for å få den i større utgåve!

Velkomen til førestilling!

Ekshibisjonisme er trongen til å bli sett. Denne trongen driv mange til å gjere ting som før ville vore utenkjeleg, berre for å få merksemd. Det å vere kjendis i dag, er eit mål for mange. Og vegen dit er ikkje like lang som før. Har du ein bra kropp og viljen til å vise den, ”talent” og god personlegdom, utstråling og  ”det Lille ekstra”, kjem du langt. Men er behovet for å bli sett i dag det same som før eller har det utvikla seg med tida?

Før var det nok å bli sett av dei du var glad i, men no skal alle vere originale og du skal ha merksemd frå vilt framande menneske som du aldri kjem til å møte. Den mest ekstreme forma av dette er kanskje reality-TV som utleverer menneske sitt privatliv inn i heimane til folk.

Folk har ein større trong til å vise seg, men konkurransen blir stor når alle vil det same. Kampen om å vere annleis og nytenkande påverkar oss heilt ned i dagleg livet. Det er overraskande kor langt nokon er villige til å gå for å berre sjå annleis ut.

 I stykket møter du personar som kjempar for å bli sett. Koste kva det koste vil.

Men kva skjer med dei som ikkje klarer å henge med i kappløpet?

Stykket har ikkje ei samanhengande historie, men er eit forsøk på å belyse temaet frå ulike vinklar. Det er blitt ein collage med ulike innslag, med nokre faste roller som vi følgjer gjennom stykket.

Stykket går på følgjande tidspunkt:

Tysdag 21. november kl. 10.10
Tysdag 21. november kl. 19.30 ( open)
Onsdag 22. november kl. 12.30
Onsdag 22. november kl. 14.10
Torsdag 23. november kl. 10.10

 Hjarteleg velkomen til teaterframsyning i Black Box!

 Helsing 3. drama