"Inkje sett, inkje høyrt"

-Basert på historia om russehola-

3Drama inviterar til eigenprodusert forestilling med lokal forankring torsdag 9. desember klokka 1900 i aulaen på Firda vidaregåande skule.

Historia vår startar året 1944. Det er haust, og vi er på Sandane i Gloppen kommune i Sogn og fjordane. Det har vore krig i landet sidan våren 1940, men folk i bygda har ikkje merka noko særleg til han. Det har derimot 4 russarar som sit i fangeleir på Sandane, og dei bestemmer seg for å rømme.


Russiske krigsfangar på Sandane i 1943. Fire av dei flukta i 1944 og heldt seg skjult i Russehola fram til krigen tok slutt

Russehola

på sørsida av Gloppefjorden (like ved der søppelfyllinga Ivahola ligg i dag) har sitt spesielle namn frå 2. verdskrig: På Sandane vart det i 1943 oppretta ein leir for 40 russiske fangar. Hausten 1944 greidde fire fangar å røme. Etter ei spennande flukt, hjelpte motstandfolk dei til å gøyme seg i ei fjellhole på Sørstranda. Trass i fleire rassiar, greidde ikkje tyskarane å finne gøymestaden. Motstandsmannen Alex Krag budde saman med russarane i hola til frigjeringa 1945. Russarane gjekk i 17. mai-toget på Sandane i 1945.

 Foto/tekst:  http://www.nrk.no/sfj/leksikon/

 


Russarane var fangar i dette huset på Sandane

I Russehola er det framleis sko og reidskapar etter russarane